Image

Folkedanspolitisk plattfom

“Alle former”

 

Folkedansarbeidet i NU i framtida


NU sitt prinsipprogram ligg til grunn, med kjerneverdiane Frilynd, tradisjonar, nyskapande, generasjonar, rusfri samværsform, samfunnsengasjert.
 
Alle former
NU arbeider fagleg med alle hovudgruppene som til ei kvar tid blir definert under omgrepet norsk folkedans. Folkedansen og musikken er ein del av norsk immateriell kulturarv, og NU skal arbeide for å bevare og vidareutvikle tradisjonen som sosial omgangsform og scenisk framføring.
 
Hovudfokus i arbeidet med folkedans- og folkemusikktradisjonen er amatørkultur og livslang læring. 
 

Folkedansarbeidet i NU i dag


NU arbeider med folkedans fordi vi vil ta vare på, vidareføre og levandegjere den norske folkedansen. Det lokale perspektivet som blei innført tidleg på 1980-talet er framleis gjeldande, og debatten om dette er rett veg å gå har lagt seg. 

Forskarane reknar med at vi har seks hovudgreiner av folkedansar i Noreg: Bygdedans, runddans (gamaldans), turdans, songdans, songleik og 1900-talsdans. NU er den einaste landsdekkande organisasjonen som arbeider fagleg og politisk med alle desse hovudgreinene innan norsk folkedans.

I tillegg til å ta vare på gamle dansar og danseformer arbeider også NU aktivt med å finne ei ny form for å gjere gamle danseuttrykk lettare tilgjengeleg på scenen, for eit moderne publikum. Dette er utfordrande sidan estetikken i dei gamle dansane ofte er i samdansen mellom dansarane, og i svært liten grad mellom dansarar og publikum. Dette er eit nybrotsarbeid som NU meiner er nødvendig for å nå nye publikumsgrupper, og eit arbeid som går parallelt og i tillegg til å ta vare på dei gamle formene.
 
Heilt sidan Hulda Garborg og Klara Semb på byrjinga av 1900-talet starta arbeidet med norsk folkedans, har folkedansgrupper vist fram folkedansen som folklore. Det er derfor naturleg at det er NU som i 2009 overtok oppgåva å administrere den norske avdelinga av International Council of Organizations of Folklore Festivals and Folk Arts, CIOFF –Noreg. Noreg har ingen festival registrert som CIOFF-festival, men bidrar til kontakt mellom dansegrupper og CIOFF-festivalar i utlandet.
 
Nordisk samarbeid har i alle år vore viktig for NU, og vi har sidan avtalen blei underskriven i 1975, vore med i det nordiske samarbeidet Nordlek. Her er vi ein av 23 nordiske medlemsorganisasjonar, men den einaste norske. Nordlek-samarbeidet femnar om dei store Nordlek-stemna som blir skipa til kvart tredje år, Barnlek-stemna for barn og unge kvart tredje år, ungdomstreffet Nordring, mindre folkedansstemner som Isleik og Havleik, i tillegg til kurs og utveksling mellom folkedans- og musikkgrupper.
 
Årlege sentrale arrangement i NU er Sommarleir for ungdom med kurs i folkedans, Folkedansfestivalen, Instruktøropplæringa og Fagseminar i dans. Den første Folkedansfestivalen blei arrangert i 2010. Festivalen har ein klar profil og for første gong er festivalen ein rein folkedans- og folkemusikkarena. Dugleiksmerka Feleknappen og Spelmerket har ikkje hatt deltakarar dei siste åra. Framsyningskappleiken har stabil deltaking med fem -seks grupper, oftast ungdomsgrupper. Framsyningskappleiken blir vidareført som ein sentral programpost i den nye festivalen.
 
Med bakgrunn i instruktøropplæringa og statistikk har NU relativt god oversikt over instruktørar i norsk folkedans. I tillegg har vi god kontakt med studentmiljøet gjennom vidareutdanningskurset Norsk folkelig dans. Fagkompetansen i sentralleddet består av Folkedansrådet og ein rådgjevar tilsett på kontoret.
 
Landskapet ser slik ut:
Lokallaga:
 
Alle former…
Organiseringa av tiltaka er tilpassa lokale rammer, ressursar og tradisjonsområde. Repertoaret er breitt og ein kan ha tilbod i typen dans laget og medlemmene har interesse og/eller tradisjon for.
 
Tradisjon – bevaring og nyskaping
Nærleik til lokal tradisjon kan vere utgangspunkt for val av repertoar og godt utgangspunkt for å bygge eigen identitet. Innsamling og dokumentering av lokale dansetradisjonar kan vere eitt ledd i arbeidet. Kreativitet og nyskaping er viktig, på lik linje med god fagkunnskap. Terskelen for å skape noko nytt er låg og blir gjerne kombinert med til dømes tiltak med lang tradisjon. 
 
Læringsarenaer
·         Nybegynnarkurs og temakurs (barn, ungdom og vaksne).
·         Folkedansundervising i skulen.
·         Prosjekt.
·         Faste øvingskveldar og dansekveldar.
·         Samarbeid med kulturskulen.
 
Laget har ofte nokre folkedansinstruktørar knytt til laget som tar seg av dei faste øvingane, men hentar ofte inn instruktørar utanfrå for spesielle eller nye tema.
 
Kvalitetssikring
Den faste instruktøren i ei lokal dansegruppe har stor innflytelse, og det er derfor viktig med faglege impulsar utanfrå. Lokale danseideal kan vere tradisjonsdansar, dansar eller instruktør. I tillegg er rettleiingsbøker og tradisjonsopptak på film viktige ideal innan den norske folkedansen. Fokus på god dansemusikk bør vere ein naturleg del av arbeidet.
 
Alle typar og danseformer er velkomne i ungdomslaget. Dansekvalitet kjem mellom anna gjennom mengdetrening.
 
Fylkeslaga:
 
Alle former…
Tiltaka på regionalt plan er tilpassa miljø, rammer og tradisjon. NU har som mål at det skal skapast eit bevisst forhold til inkludering og bygging av nettverk mellom dansegruppene i området. Fagleg arbeid og opplæring i norsk folkedans og folkeleg dans, men også andre danseformer. Repertoaret speglar fokuset både sentralt og lokalt.
 
Tradisjon – bevaring og nyskaping
Fylkesleddet har ofte god kompetanse og erfaring med innsamlings- og dokumentasjonsarbeid. Fylkesleddet sikrar at dansetradisjonane i regionen blir tatt vare på, brukt og vidareutvikla. Dansemusikken er ein naturleg del av arbeidet.
 
Læringsarenaer
·         ”Storkurs”.
·         Instruktørkurs, grunnleggande nivå (instruktøropplæringa).
·         Temakurs (ungdom og vaksne).
·         Dansekveldar.
·         Stemne og andre møtestader.
·         Fylkesringar.
 
Kvalitetssikring
Fylkesleddet skal vere dynamisk og aktuelt, og er bindeleddet mellom lokal aktivitet og NU sentralt, samt fagmiljøet i dans, andre dansemiljø og organisasjonar i regionen. Tillitsvalde i fylkesledda og innleigde kurslærarar er særs viktige.  
 
Nasjonalt:
 
Alle former…
Det fagelege arbeidet inkluderer alle former og dansetypar innan norsk folkedans: Bygdedans, runddans (gamaldans), turdans, songdans, songleik og 1900-talsdans. Omgrepet folkedans er ikkje statisk og kva typar som skal reknast med, blir tatt opp til diskusjon med jamne mellomrom. NU sin føremålsparagraf ligg som eit tydeleg bakteppe for arbeidet.
 
Tradisjon – bevaring og nyskaping
Med nærleik til eigen tradisjon som utgangspunkt skaper ein identitet hos den enkelte og i fellesskap. Å bygge felles norsk identitet og sosial danning var Hulda Garborg og Klara Semb sitt utgangspunkt for å arbeide med den norske folkedansen og folkemusikken.
 
Innsamling og dokumentering er viktig, og NU har tradisjon for å samarbeide tett med Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff). Dette har mellom anna resultert i mange utgjevingar av hefter og bøker, musikk-innspelingar og ulike undervisningsopplegg. NU og Rff samarbeider også om ulike prosjekt og opplæringstilbod. Til dømes blir instruktøropplæringa i NU godkjent som realkunnskap om ein vil begynne på eit av studia ved Rff/NTNU.
 
Musikken er utgangspunktet for folkedansen. NU set fokus på dansemusikken og dansespelmannen både med utgangspunkt i dansaren og i musikaren.  
 
Bevaring av immateriell kulturarv, som folkedansen, er mogleg gjennom bruk. Solid fagkunnskap dannar grunnlaget for at bevaring og nyskaping skal vere to sider av same sak. Å samarbeide på tvers av sjanger kan vere ein måte å lære om eige fag, samt skape nye uttrykk.
 
Læringsarenaer
·         Folkedansfestivalen (sosialdans, temakurs, scenisk dans, “flaggskip”).
·         Instruktørkurs modul 1 og 2. (instruktøropplæringa).
·         Fordjupingskurs og temakurs (Fagseminar og Sommarleir).
·         Høgare utdanning (Norsk folkelig dans, NTNU/Rff og FOLK).
·         Nordiske og internasjonale arrangement.
 
Kvalitetssikring
NU skal vere dynamisk og aktuelt, men stadig halde debatten, forskinga og analysen om kvalitet gåande:
- Kva er god dansekvalitet?
- Kva er godt dansespel?
 
I denne diskusjonen ligg også definisjonen på historisk og dagens ideal. Dette handlar først og fremst om definerte førebilete/idol, men også om rettleiingsbøker og instruktøropplæring. 
 
Dugleiksmerka (Feleknappen, Spelmerket) og Framsyningskappleik er tiltak for å skape diskusjon om kvalitet og mål å strekke seg etter.
 

Historie

 
Pionertida
1902 kan seiast å vere starten på historia om folkedans i NU, og dermed den organiserte folkedansen i Noreg. Hulda Garborg (fødd 1862), var ein leiande person i kulturdebatten på den tida. Ho fann grobotn i NU for tankane sine om nasjonsbygging gjennom bruk av norsk kulturtradisjon, og valde derfor dette forumet for arbeidet sitt innan både teater og dans. Med inspirasjon frå Færøydansen skapte Hulda ein norsk songdans som fekk sitt store gjennombrot på marknaden til Bondeungdomslaget (BUL) Oslo den 7. mars 1902.
 
Før songdansen kom, hadde ungdomslaga vanskar med å finne høveleg moro på møta sine. Den vanlege dansefesten der det blei dansa runddans, og på sine stader bygdedans, var problematisk i forhold til alkoholsaka. Folkeviseleiken (songdansen) var ei kjærkomen erstatning for mange lag som før hadde brukt marsj og songleikar, gjerne med banale eller svenskprega tekstar. Ungdomslaga la aldri skjul på at songdansen var nyskapt. No ville ideologane i laget kaste ut den såkalla runddansen. Bygdedansen såg ut til å bli tolerert og oppmuntra frå sentralt hald, om ein berre fekk bukt med drikkekulturen. Den meir moderne 1900-talsdansen som til dømes foxtrot, tango og onestep blei sett på som utanlandsk og ikkje akseptert.
 
Etter kvart var det Klara Semb som vidareførte Hulda Garborg sitt danseprosjekt. På dei mange reisene sine rundt om i landet lærte ho bort, teikna ned dansar, utvikla terminologi og laga dansemåtar til endå fleire viser. Turdansen (musikkdans) blei nå ein del av folkedansrepertoaret. Fleire leikleiarar og reiseinstruktørar var aktive i denne tida.
 
Hulda Garborg og Klara Semb var dei første til å skrive rettleiingsbøker i folkedans, og Noregs Ungdomslag har seinare gjort eit stort arbeid med å revidere bøkene (Norske folkedansar - turdans og Norske folkedansar – songdans)
 
Noregs Ungdomslag vedtok tidleg på tjuetalet eit forbod mot å danse runddans på lagsmøta i organisasjonen. Dette skapte stor strid. NU brukte store ressursar for å lære dei unge folkeviseleik og for å få ned alkoholbruken. Forbodet mot runddans blei oppheva i 1957.
 
På tjue- og trettitalet gjekk alt framover i ungdomslaga, på alle frontar. Dansen utvikla seg og instruktørane fekk meir kunnskap og erfaring. Det blei arrangert store stemne på fylkes-, nasjonalt og nordisk nivå. Dei største med 12 000 tilskodarar og 1000 dansarar. Instruktørkursa gjekk i perioden over to og tre veker på sommaren.
 
Dei første åra under andre verdskrig reiste Klara Semb framleis, og ho blei etter kvart eit samlingsmerke i motstandskampen. Då nazistane tok over, satsa dei hardt på å vise at dei hadde støtte i laga. Forbodet mot runddans blei handhevd mykje kraftigare enn nokon gong, medan songdansen framleis var lovleg. Songdansen, og særleg tekstane med nasjonalt bodskap, blei derfor eit viktig uttrykk for motstand i denne tida. “Vardevakt” blei dansa som avslutning på alle landsstemna etter krigen.
 
Tida etter krigen
I tida etter krigen føregjekk ei omfattande omorganisering i NU, og det blei bygd opp ein sterk fagleg organisasjon på alle plan. Store faglege debattar gjekk etter tur i perioden fram mot åttitalet. Klara Semb innførte attersteget i si nye bok, noko som var ein enklare variant av Hulda Garborg sitt steg. Stor var også debatten kring forbodet mot runddans, men aller størst var nok diskusjonen kring 1900-talsdansen sin innpass i repertoaret hos leikarringane.

I 1950- og 60 åra deltok NU med store produksjonar og mange delaktige, samt som arrangør og organisering, både på nordiske og internasjonale stemne. Etterkrigstida var ei ny glanstid for folkedansen i NU, noko ventelister for å ta instruktøropplæringa og vekeslange repetisjonskurs syner. Men trass i dette begynte medlemstalet å gå nedover. Folkeflyttinga til byane får mykje av skulda. Resultatet av endringa i samfunnet var at laget på bygda mista medlemmer, og bylaga fekk fleire medlemmer og sterkare fagleg miljø enn nokon gong. Leikstyret i NU blei i denne perioden omgjort til Leikråd.
 
Tid for nytenking og nytt materiale
Som reaksjon på dalande interesse og medlemstal, blei ulike tiltak sett i gong. I 1967 blei det for første gong tilsett reiseinstruktør på landsplan i NU. Gunnar Rødal reiste Noreg på kryss og tvers for å halde folkedanskurs for barn og vaksne, på skular og i lokallag. Gunnar var tilsett i NU i to periodar 1963 - 1967 og 1971 – 2001, og blei i 2009 tildelt Kongens fortenestemedalje for innsatsen.
 
På 1960-talet starta NU for første gong opp arbeid med berre ei definert målgruppe, nemleg barn. Landsstemne og fylkesstemne for barn var populære tiltak og viktige møtestader.
 
På 1970-talet blei det igjen stor interesse i samfunnet for “alt som var norsk”. Medlemstalet i NU begynte å stige att og folkedans og folkemusikk blei ein populær aktivitet. Mange unge fekk interessa for folkemusikk og folkedans som student eller på folkehøgskole. I denne perioden var det heile seks rådgjevarar og instruktørar i folkedans tilsett i NU, i tillegg til fleire tilsette som reiseinstruktørar i fylkeslag rundt om i landet.  

I boka “Danse danse lett” (1970) lanserte folkedansforskaren, Egil Bakka, eit nytt og revolusjonerande system for å skildre dansesteg. Nytenkinga skulle seinare mellom anna påverke den reviderte utgåva av Klara Semb sine rettleiingsbøker.
 
I 1972 blei Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff) etablert som eit bindeledd mellom alle som arbeidde med folkemusikk og folkedans. Eit år seinare fekk rådet sitt eige sekretariat, og er i dag ein sjølvstendig institusjon. Professor i folkedans, Egil Bakka, og professor i folkemusikk, Bjørn Aksdal, har hatt særleg stor påverknad heilt frå starten.
 
Fokus på lokal tradisjon og forsking
På 1980-talet blei den faglege tynga på kontoret og i leikrådet (nå folkedansrådet) styrka. Nye studietilbod ved Rff-sentret hadde mellom anna ført til at formell kunnskap kunne krevjast. Dette førte til fleire fagpolitiske diskusjonar og mange store prosjekt. Her kan ein til dømes nemne revidering av instruktøropplæringa, arbeid for å få folkedans inn i grunnskulen, dokumentering og fagleg arbeid med sving-tradisjonen, samt utgjeving av ei rekke bøker, hefter og innspelt musikk.
 
Lokal forankring og tradisjon fekk meir og meir fokus og ein begynte dermed å diskutere omgrep som folkeleg dansestil og tradisjon. Interessa for danseforsking auka og det blei arrangert fagseminar og publisert artiklar og rapportar, samt gjort eit stort dokumentasjonsarbeid av lokale variantar av songleik, turdans, bygdedans, runddans og sving. Songdansen er i større grad enn turdansen konstruert av Hulda Garborg og Klara Semb, men også denne danseforma utvikla seg mykje i denne perioden. For i større grad å vise heilskapen i danseformene, vedtok NU å ta utgangspunkt i tradisjonelle danseformer som grunnlag for songdanssteg og metodikk. Etter dette blei det gitt ut fleire hefter med dansemåtar til lokale viser. I 1985 var det store arbeidet med å revidere songdansboka og turdansboka (Klara Semb) ferdig. Den nye utgåva skapte diskusjon då nye forskingsresultat og prinsipp påverka både repertoar, musikk og dansemåte.

Ulike tevlingar blei oppretta for å inspirere og engasjere grupper og enkeltpersonar til fagleg kvalitetsarbeid og til å delta på Landsstemne; Feleknappen (1968), Framsyningskappleiken (1987) og Spelmerket (1995) var populære tiltak som skulle motivere, inspirere og fremje kvalitet og nyskaping.
 
Brytningstid
1990-talet var prega av økonomisk krise, nedgang i medlemstal og dramatiske kutt i årsverk på NU-kontoret, men også av stor feiring av 100-årsjubileum, samt lobbyverksemd som førte til at folkedansarbeidet i NU fekk eigen post på Statsbudsjettet.
 
På NU-kontoret måtte ein omorganisere, og fagleg kompetanse på folkedans og -musikk blei nedprioritert i ein lang periode. Med stor innsats frå tillitsvalde og eldsjeler klarte ein likevel å arrangere store folkedansarrangement, som til dømes Barnlek på Gjøvik i 1995 og Nordleik i Stavanger i 2000. Etter kvart klarte ein også å få direkte tilskot til folkedansarbeidet over Statsbudsjettet, tilsetje ein kulturkonsulent med fagleg kompetanse i folkedans, samt fullføre arbeidet med det lenge etterlengta undervisningsopplegget Danselyst.
 
Dei økonomiske utfordringane i NU og trenden i samtida førte til at ein måtte prioritere annleis. Det blei viktigare enn nokon gong å rekruttere deltakarar utanfrå. Landsstemne blei til dømes omgjort til Folkekulturfestival, Sommarkursa hadde få deltakarar i mange år og blei i 2009 lagt ned, og det internasjonale arbeidet fekk mindre fokus. Instruktøropplæringa i folkedans blei grundig evaluert og revidert fleire gonger i perioden. Mens ein på 80-talet hadde stort fokus på aktivitet for barn, var det nå fylkeslaga og lokallaga som skipa møtestader for denne aldersgruppa. Ut over 2000-talet blei også desse møtestadane færre. Ungdom blei definert som hovudmålgruppe for arbeidet og ein støtta dei fylkesvise Ungdomsringane rundt om i landet, samt skipa til samling for ungdom i framkant av Folkekulturfestivalen. Samlinga blei kalla for Noregs Ungdomsring (NUR). I 2010 blei Folkekulturfestivalen erstatta med nyvinninga Folkedansfestivalen og NUR endra namn til Sommarleiren i NU.  
 
I samarbeid med Folkekulturforbundet, Rådet for folkemusikk og folkedans og NTNU VIDERE starta NU i 2001 opp vidareutdanningskurset Norsk folkelig dans. Kurset gir 15 studiepoeng. Dette blir eit viktig steg for tyngda i det faglege arbeidet vidare.   

Vedlegg

 
Forklaring av omgrep:

Bygdedans

Bygdedansane er dei eldste og mest særmerkte blant norske folkedansar. Bygdedansane var dei mest vanlege dansane i vårt land før runddansen vart populær. Dei eldste bygdedansformane kom til Noreg kanskje allereie på 1500-talet, og har gjennom tida teke farge av stilideal i ulike tidsepokar og dei ulike lokalmiljøa dei har vore i, noko som har ført til at vi i dag har eit mangfald av danseformar. Til bygdedans reknar ein springar, gangar, pols, rull og halling, med ulike lokale namn.

Runddans

Runddans er eit samlebegrep for ei rekke ulike dansetypar som har fleire fellestrekk. Det viktigaste i runddansen er at paret dansar rundt saman. Alle runddansar er pardansar, og para dansar etter kvarandre i ring mot sola på golvet. Snuingane i dansen kan delast inn i to hovudtypar: Eintaktsnu og totaktsnu. I eintaktsnu kjem dansarane ein gong rundt på berre ei takt av musikken, i totaktsnu brukar dansarane to taktar til å komme rundt ein gong. Blant runddansar reknar ein vals, ulike polkaformer, reinlender, masurka og pariser, og mange av dansetypane har lokale namn.
 
Turdans
Turdans er eit samleomgrep som femnar om mange dansetypar med stor formvariasjon og kjem frå mange danseslekter. Eit fellestrekk er at dei ofte er bygde opp av delar som kjem i bunden rekkefølgje. Disse delane har ofte fast lengd og blir kalla turar. Rilane, pardansane og dei fleste andre turdansane har levd i folkelege miljø og vore lite påverka av danseskulane.

Songdans

Gjennom Moltke Moe fekk Hulda Garborg vite at ein dansa til folkeviser på Færøyane og at ein truleg også hadde gjort det i Noreg i mellomalderen. Dette la grunnen for ideen om ein norsk songdans.

Med utgangspunkt i ei skildring av færøydansen, skrive av den danske folkemusikkforskaren Hjalmar Thuren, synte Hulda Garborg og ”7-8 kvende i brikjande nasjonalbunader” fram Knut Liten og Sylvelin, Per Spelmann og Tosten tala med staven sin 7. mars 1902. 5-600 publikumarar var i salen, mange måtte stå att utanfor.

Songdans fenga som eld i tørt gras, og blei særs populært i landet. I samarbeid med Klara Semb utvikla dei den norske dansemåten i songdansen og brigdet, og i 1922 gav Klara Semb ut første utgåve av rettleiingsboka Norske folkedansar.
Når ein i dansar kjededans (tilnærma likt slik dei gjer på Færøyane) til norske balladeviser blir dette kalla for stordans.

Songleik
Det er to hovudgreiner av songleiken; den som barna leiker aleine og som har vore aller mest brukt av småjenter i byene, og den som ungdom og vaksne særleg brukte i bygdemiljø. Songleiken som barna bruker når dei er for seg sjølve, er på mange vis ein motkultur til vaksenverda. Desse songleikane har hatt si sterkaste rot i byane, men finst i dag overalt og er ofte å finne i skulegarden.

Også dei vaksne har dansa songleik, sjølv om det ikkje er så vanleg no lenger. Han vart brukt på juletrefestar, i mange lag og organisasjonar, på stader der ein ikkje fekk danse, og ofte mellom ungdom ute når dei ikkje hadde musikk.
 
Mange songleikar kom truleg med organisasjonslivet ved hundreårsskiftet, men enkelte er nok mykje eldre. Same leikane går att i variantar over heile Norden, og dei er ofte språkleg prega av det.
 
1900-tals dansane
Dette er ei gruppe med dansar som omfattar alle dei dansane vi har dansa folkeleg på1900-talet og fram til i dag. Det vil si dei folkelege dansane som blir brukt i ein sosial situasjon, som bygdefest eller diskotek.
 
Folklore
Folkeminne eller folklore er omgrep som blir brukt i samband med kulturelle tradisjonar som er overlevert i munnleg form.  Folkedans er eit døme på slik tradisjon og er ofte tilpassa scene for å gi til dømes utanlandske turistar eit bilete av norsk folkedanstradisjon. Bilete blir stilistisk og koreografert og bryt derfor med den folkeleg tradisjon.
 
 
Kjelder:
Aksdal, Bjørn og Sven Nyhus: Fanitullen (1993)
Semb, Klara: Norske Folkedansar - Songdansar (1985)
Semb, Klara: Norske Folkedansar - Turdansar (1991)
Bakka, Seland, Vårdal: Grunnbok i folkedans (1986)
Kløvstad, Jan (red.)“Ungdomslaget,”
Årsmeldingar for NU (1980 – 2009)
 


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign