Image

Medlemskort tilgjengeleg i Hypersys

I fjor skifta Noregs Ungdomslag medlemssystem til Hypersys. Dette er eit moderne medlemssystem med langt fleire funksjonar enn å vere eit reint medlemsregister. Gjennom Hypersys kan laga nytte fleire funksjonar for å kommunisere både med enkeltmedlemmane og med sentralleddet. Mellom anna leverer laga årsrapport gjennom Hypersys, og laga kan også bruke dette til å sende e-post til medlemmene.



No kan lokallag og enkeltmedlemmer også skrive ut medlemskort direkte frå systemet!

 

Noregs Ungdomslag har i fleire år trykt opp medlemskort til alle medlemmene, og sendt desse til laga i det dei har betalt kontingenten til NU sentralt. Laga har så hatt ansvar for å fordele medlemskorta vidare til medlemmene. Dette har gjort at dei fleste medlemmene først har fått medlemskortet i juni, medan andre har fått det i oktober.

 

Dette har ikkje vore ei tilfredsstillande løysing, og det nye medlemssystem har gitt Noregs Ungdomslag moglegheit til å tenke nytt og annleis på korleis medlemskorta skal nå ut til medlemmene på eit så tidleg tidspunkt på året som mogleg. Det er ikkje alle medlemmene som er like oppteken av å få eit fysisk medlemsbevis, men dei som ønskjer å drage nytte av medlemsfordelane må gjerne framvise medlemskortet for å oppnå desse.

 

Korleis få medlemskort?

Føresetnaden for at du skal kunne få medlemskort, er at du er registrert som medlem for 2012 i Hypersys. For å logge deg inn i medlemssystemet må du vere registrert med e-postadresse. Du kan logge deg inn her. Om du ikkje har logga deg inn tidlegare, oppgir  du e-postadressa du og trykker på ”send nytt passord” for å få tilsendt innloggingsinformasjon.

 

Medlemskortet er knytt til kvar enkelt medlemsprofil, og lenke til dette finn du ved å klikke på + -teiknet som står ved sidan av det aktuelle medlemsskapet ditt under boksa ”medlemsskap.”

 

Her kan du laste ned medlemskortet som ei pdf-fil for utskrift på eit vanleg A4-ark. Medlemskortet har påtrykte klippekantar, slik at det får ein tenleg storleik for oppbevaring i lommeboka di. Gjeldande medlemsfordelar i Noregs Ungdomslag er trykt på medlemskortet.

 

Om du ikkje har registrert e-postadressa di i Hypersys, så send gjerne ein e-post til post@ungdomslag.no, så kan vi registrere dette for deg, slik at du kan administrere ditt eige medlemsskap.

 


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign