Image

Ungdomslaget

Bilete av fanaDette er eit tema det er viktig at deltakarane får kjennskap til, slik at dei får opp auga for kva verdiar NU er tufta på, kva sørvis sentralleddet kan gje og slik at deltakarane kan identifisere seg med og bli stolt av sitt lokale lag og Noregs Ungdomslag.


Kor omfattande du gjer denne delen er avhengig av tida du har til rådvelde og kva forkunnskapar deltakarane har. Det er derfor berre å plukke det du meiner er mest interessant.


Nedanfor finn du òg ein presentasjon av NU som du kan laste ned og vise fram ved hjelp av videoprosjektor eller bruke som lysark (transparent).

Denne kan du bruke fortløpande. Deltakarane kan òg jobbe med oppgåver knytt til temaet. Forslag til oppgåver finn du under dei ulike delemna. Du finn ark til utdeling til slutt i dette emnet. Presenter gjerne temaet som ein samtale der du er aktiv ordstyrar og kjem med tilleggsmoment.

Aktuell tilleggslitteratur finn du m.a. i hundreårsboka til NU, Ungdomslaget, og på heimesidene til NU.

Kursemnet er delt i fire deltema:

  • Ungdomslaget mitt
  • Verdisyn og ideologi
  • Historia til Noregs Ungdomslag
  • Kvifor vere med i NU?

Last ned: presentasjon (.pdf)

Last ned: teori (.doc)

Ta kontakt for å få dokumenta i andre format.

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign