Image

Media og marknadsføring

Bilete av konsertFrivillige lag og organisasjonar har ei stor utfordring i å skape god informasjonsflyt innad i laget og i å synleggjere laget for omverda. Mange tenker lokalavisa med ein gong det er snakk om media eller marknadsføring.

Men dette er langt frå den einaste kanalen laget kan nytte. Her er det om å gjere å få deltakarane til å sjå alle moglegheitene som finst.

Den viktigaste informasjonsjobben er den som føregår internt. Kristen Ulstein skriv at ”en organisasjon er 90 % kommunikasjon og 10 % administrasjon” (1999: Organisasjon og ledelse i frivillig arbeid). Den mellommenneskelege kommunikasjonen er den viktigaste!

Emna egnar seg fint å presentere, samtale om og jobbe praktisk med. Målet er å gje deltakarane nye idear til korleis å drive informasjonsarbeidet. Be gjerne deltakarane om å komme med sine erfaringar, og bruk eksempel du veit om.

Temaet er delt i tre delemne:

  • Informasjonsarbeid internt i laget
  • Marknadsføring
  • Mediearbeid

Last ned: presentasjon (.pdf)


Last ned: teori (.doc)

Ta kontakt for å få dokumenta i andre format.


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign