Image

Ungdomshuset

Bilete av ryddebeskjedGodt over 300 ungdomslag er eigar eller medeigar i eit lokalt kulturhus, ofte kalla ungdomshus. Noregs Ungdomslag er dermed den største frivillige kulturhusorganisasjonen i landet. Den hjelpa NU kan yte til ungdomslag med hus er til stor glede for mange, og ingen andre landsdekkande frivillige organisasjonar kan skilte med liknande.

For mange lag kan det vere utfordrande å drive eit ungdomshus. Gjennom dette emnet vil vi gjere oppgåva litt mindre krevjande.

Temaet egnar seg godt som presentasjon frå kurslærar, gjerne supplert med lokale døme frå kurslæraren og deltakarane. Det er viktig at deltakarane blir utfordra i høve til å tenke nye tankar om ”sitt” hus. Oppgåvene er eit godt utgangspunkt for å motivere. Kursemnet er skrive med god hjelp frå Nils Seland, mangeårig dagleg leiar i Norske Lagsbruk.

Temaet er delt i to delemne:
  • Historia til husa
  • Støtteordningar og tips til drifta

Last ned: presentasjon (.pdf)


Last ned: teori (.doc)

Ta kontakt for å få dokumenta i andre format.


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign