Image

Reisebrev frå Expo i Seoul

For om lag to veker sidan fekk Noregs Ungdomslag spørsmål om å sende norske musikarar og dansarar til verdsutstillinga Expo i Seoul, Korea. Etter gode erfaringar frå 2010 var dette enkelt å sei ja til, og folkedansrådet i NU satte i gong for å finne utøvarar. 
 
Utøvarane skulle ha ei tilknytting til NU, samt vere av dei beste utøvarane på sitt felt! Ei knapp veke etterpå var stjernelaget på plass: Nina Fjeldet, Anna Gjendem, Torkjell Børsheim, Ingvild Blæsterdalen, Torbjørn Lauen og Torill Steinjord. 
 
No er dei på plass i Seoul og her kan du lese reisebreva dei sender oss. Følg med! 

Tredje og siste reisebrev, søndag 24. juni: 

Image

Image

Hei!
 
Her kjem siste reisebrev frå Korea-turen. Som me skreiv i førre brev var me på Expo i byen Yeosu på fredag. Denne dagen gjekk knirkefritt; me hadde førebudd oss på det verste kva angjekk bunads-veret, men til vår store lettelse var Expo rikt utstyrt med airkondition. No er me å finne på eit utal bilete rundt om i koreanske heimar -dei er nokre resarar på fotografering desse folka. Etter å ha flydd tur/retur Seoul-Yeosu samt hatt fem oppvisningar på fredagen, kollapsa vi i folkeleg tid etter å ha inntatt ein betre middag på hotellet.
           
Mens to i gruppa vende snuten mot Noreg att på laurdag, fór dei gjenverande på sightseeing opp mot grensa til Nord-Korea. Denne turen gjorde inntrykk og me fekk rikeleg påfyll av kunnskap (og "rykter") om denne fryktinngytande delen av landet.
           
I skrivande stund er me alle attende i Noreg etter nesten eit dygn med reise. Me vil få takke for at me fekk sjansen til å oppleve dette eventyret! Det har verkeleg vore ei oppleving å få danse og spele på andre sida av jorda. No skal me sove litt.
 
재결합
(På gjensyn!)

Andre reisebrev, torsdag 21. juni: 

Image

Annyeong haseyo!
(Hallo!)
 
Me har byrja på dag fire her i Seoul og dygnrytma er i ferd med å sette seg (koreansk tid ligg sju timar framfor den norske). I går hadde me våre fyrste framsyningar på hotellet her me bur og i publikum sat koreansk presse og reiseliv, samt ein gjeng frå Noreg (deriblant statssekretær Halvard Ingebrigtsen frå Handelsdepartementet og den norske ambassadøren i Korea). Oppvisningane gjekk strålande og mange nytta høvet til å fotografere oss i all vår fargeprakt (seks ungdommar i seks ulike bunader).

I dag held me fram med to framsyningar på eit eksklusivt kjøpesenter i nærleiken. Morgondagen vert heftig; me må opp i femtida for å rekke flyet til byen Yeosu heilt sør i Korea. Her finn Expo stad og me skal køyre heile fem framsyningar her – utandørs I BUNAD! Det er meldt strålande ver… Trøysta får vere at ein kan kjøle seg ned med ei flaske norsk VOSS-vatn.

Det er ikkje til å stikke under ein stol at me ikkje glir heilt inn i mengda her på hotellet. Som nemnt i førre reisebrev er dette eit luksushotell i verdsklasse, som blant anna held ein stor Apple-konferanse mens me er her. Me har hatt mange bisarre ”møte”, blant anna er det ei oppleving kvar gong me trer inn i ein heis i våre fargerike shortsar og slitte joggesko og blir ståande midt i mengda av dresskledde businessfolk. Det hjelp ikkje at det er speglar på alle kantar…  

Vi kjem med eit siste brev på laurdag, då kan me love skildringar frå Expo, oppdatering på korleis kombinasjonen bunad/30 plussgrader fungerer, samt fleire bilete. Heng med!


 
Først reisebrev, tysdag 19. juni:  

Image

Etter ein lang dag (eller natt, me er litt usikre) på fly med gode kulinariske opplevingar frå flyselskapet kom me endeleg fram til Seoul i går. Her vart me innlosjerte på eit av verdas beste hotell (etter sigande), med marmor så langt auge kunne sjå. Dei har satsa tungt på feelgood her, med oppvarma doseter, badevekter som syner  minus 10 kilo og brødfjøler i reinaste marmor.
 
Etter å ha byrja planlegginga av framsyningane me skal ha seinare i veka, var det kjærkomment å finne sengene (som er like breie som dei er lange). I dag har me hatt møte med våre kontaktar i Innovasjon Norge og øvd på framsyningane våre (som skal foregå på hotellet, på eit kjøpesenter og i byen Yeoso som er hovudsete for Expo. Me kan meddele at det mellom anna vil bli bydd på vestlandsspringar, halling, rørospols og ikkje minst ril frå Dønna! No i seine kveldstimar har me inntatt ein koreansk middag og dette kjøkenet kan me anbefale på det varmaste. Me ser fram mot våre første show i morgon og ønsker god natt (eller kva det no blir der heime) frå Seoul!
 
Anna og Ingvild



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign