Image

Brenn for Huset i bygda

Ingunn Teigland Nyheim (37) skal leie prosjektet Huset i bygda i Sogn og Fjordane Ungdomslag dei neste tre åra. Eg ser på meg sjølv litt som "kjerringa mot straumen”. Eg er engasjert og brenn for at det skal skje ting i utkantane, at ikkje all aktivitet må samlast i sentera, fortel den ferske prosjektleiaren og legg til: - ”Ja takk, begge deler”, seier eg. 


Viktige kulturarenaer

”Huset i bygda – ein kulturarena der du bur” er namnet på eit treårig prosjekt som starta opp denne våren. Prosjektet er ei vidareføring av ei fleirårig satsing på ungdomshus, grendehus, samfunnshus og bygdehus i Sogn og Fjordane Ungdomslag. Målet er å skape synlegare og sterkare organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane.  

 

- Levande bygdemiljø med gode møtestader og attraktive fritidstilbod er viktig for dei som veks opp i dag, og for å få folk til å busetje seg. Eg veit at forsamlingshusa er ein viktig møteplass for mange menneske. Her føregår mykje god og spennande aktivitet, og husa er viktige kulturarenaer, slår Ingunn Teigland Nyheim fast.

 

Skal inspirere huseigarane

Huset i bygda-prosjektet skal rettleie, hjelpe og inspirere huseigarar over heile fylket, både lag som er knytt til organisasjonar og frittståande lag.- Eg ynskjer å vere i dialog med dei som driv kulturbygga. Dei kjenner best til utfordringane og moglegheitene knytt til huset. Korleis auke aktiviteten, drift og økonomi, kvar ein kan søkje midlar og korleis ein kan marknadsføre huset, er spørsmål som ofte går igjen. Eg er også oppteken av å spreie dei gode ideane, finne nye moglegheiter, sjå framover, og byggje nettverk mellom huseigarane, fortel Nyheim.

 

Prosjektleiaren vil delta på lokale husmøte eller på regionssamlingar der ein samlar huseigarar i kommunen til idémyldring, kompetanseheving og nettverksbygging. Til hausten er planen å invitere til Kulturhuskonferanse for heile fylket. ”Huset i bygda” har òg bygd opp heimesida husetibygda.no, og er  i gang med å opprette ein web-basert husdatabase.

 

- Gjennom husdatabasen vil vi samle informasjonen ein stad. Det vil gjere det lettare både for privatpersonar, kommunar og organisasjonar å finne informasjon om husa.

 

Image

Ingunn Teigland Nyheim til venstre, og Kristin Sandal til høgre. 


- Stå-på-vilje

Ingunn Teigland Nyheim tek over etter Kristin Sandal som har leia ”Huset i bygda” dei tre siste åra. Nyheim er utdanna førskulelærar og har dei siste 10 åra arbeidd som pedagogisk leiar. Ho bur på Vereide i Gloppen saman med mann og to døtre på 8 og 10 år, men er oppvaksen på Fjelli i Stryn, der mykje av aktivitetane føregår i ungdomshuset i bygda.

 

- Det var mykje god aktivitet i og rundt ungdomshuset. Dette har gitt meg lærerike erfaringar og gode verdiar som eg har hatt stor nytte av seinare i livet, alt frå dugnadsvilje og organisasjonserfaring til engasjement og stå-på-vilje.

- Eg gledar meg til å starte på arbeidet som prosjektleiar. Det ligg utruleg mykje arbeid og innsats bak alle kulturbygga i fylket. Det er viktig å sjå framover for å skape glød, engasjement og gode hus også for framtida, avsluttar den ferske prosjektleiaren for ”Huset i bygda”.

 

Ta gjerne kontakt: Ingunn Teigland Nyheim, tlf 974 03 699, e-post husetibygda@ungdomslag.no

Sjå òg: www.husetibygda.no   


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign