Image

Kjøp cd med hyllest til ungdomshuset

Er du glad i danseband? Då kan du i desse dager få med deg ei nyinnspelt hyllestlåt til ungdomshuset. Låta ”det gamle ungdomshuset” erImage med på plata ”minner fra ungdomshuset” som du kan førhandstinge via NU.

Finn Erlandsen er 58 år og opprinneleg frå Skåla utafor Molde og har vore medlem i Vågane UL heile sin oppvekst. Her har han drive mykje med teater og anna ungdomslagsaktivitet. Finn starta sin musikalske karriere i 1973 med dansebandet ”Reddik ”og øvingar på ungdomshuset Vågheim.  Med tida vart dei eit landskjend og proffesjonelt orkester med mange slagerar. 24 år seinare, i 1997, skreiv Finn sin største slager "Røkke og Gjelsten og I " på Romsdalsdialekt.

 

Plata kjem no i sommar ut med ei soloplate som får tittelen "Minner fra Ungdomshuset", og hovedlåta er altså den nye sangen "Det gamle ungdomshuset". Låta er skrive av Finn Erlandsen Arrangert av Jan Erik Olsen. Med seg på plata har han med seg nokre av Noregs framste dansebandsangarar ,som sjølv har vakse opp i og stått på mange av ungdomshusscenene i noreg.

 

Dei medverkande på plata er:

Sjølvaste "Gamalglunten" Ørnulf Holthe, stemma i Gluntan fra starten av, William Kristoffersen frå OLE IVARS, Terje Larsson frå Finnskogen og INGEMARS, Jan Erik Olsen og Finn Erlandsen.


 

Plata inneheld 12 låtar og kan tingas hjå : finnsmusikk@gmail.com eller tlf 90240934

Spesialpris til medlemmane  i N.U. er Kr.175,- inkl. frakt 


Har du lyst til å kjøpe videon kan du det også:


Image
 

 

Publisert: 5.07.2013

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign