Image

Norsk Amatørteaterfestival 2014

Image

No skriv me snart 2014, og det ikkje lenge att til Teaterslaget set i gong: 10.-15.juni på Det Norske Teatret i Oslo. Det vert eit fullstappa program, med kurs, seminar, paneldebattar, monologkonkurranse, spelsialskriven revy og sjølvsagt: Mange flotte framsyningar!


Sjekk  nettsida
www.teaterfestival.no for utfyllande program og påmelding.  Me gjer merksame på at det kan kome endringar i programmet,  så gå gjerne innom nettsidene med jamne mellomrom for oppdatert informasjon.

 

Nytt av året, er at du som ynskjer å stå på scena under festivalen kan søke om å delta, uavhengig av om du er med i ei teatergruppe eller ikkje. Du kan nemleg gå på audition for å vere med på fellesrevyen laurdag. Om du vert vald ut får du vere med på  øving i fire dagar med proff instruktør  og  spele i  revyen på avslutningskvelden. Me arbeider med å få ein revyskribent til å skrive revyen. Så fort me har det i boks kjem det info på festivalnettsida.


Me kjem til å ta i bruk BUL Oslo sine lokaler rett over gata frå Det Norske Teatret. Der vert det høve til slappe av, ta ein prat med andre teaterentusiastar,  gå på kurs og mykje meir. 

Me i komiteen gler oss allereie!


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign