Image

Dansekoreografi-prosjekt for lokallag!


Noregs Ungdomslag har fått støtte frå Landsrådet for

barne- og ungdomsorganisasjonar ( LNU) til eit spennande koreografiprosjekt. Prosjektet gjev fem lokallag sjansen til å arbeida med ein koreograf i fem dagar, og til å framføra dette under Folkedansfestivalen i Ørsta. Sidan det er grunnlovsjubileum er temaet for koreografiane demokrati.

ImageMe tenkjer at grunnlovsjubileumet ikkje berre skal ha ein

tilbakeskodande historisk effekt, men at ein gjennom dette prosjektet både utfordrar folkedansen og forståinga av demokrati i dag. Me vil leggja vekt på at prosjektet skal ha eit samtidsperspektiv der individuelle meiningar om kva demokrati er, skal koma fram. Ungdomane i prosjektet skal arbeida med spørsmål knytt til deira forståing av demokrati. Kva er demokrati for meg og dag? Korleis kan ein utrykkja dette i dans?

 

I prosjektet vil me at både lokallag og koreograf skal søkja. Koreografane må i søknaden skriva kort om kva idear og framgangsmåtar ein har lyst til å bruka og litt om seg sjølv. Koreografane får i lag med lokallaget sjanse til å plukka ut ein musikar til å vera med i prosjektet, så fint om ein har tankar om kven det kan vera også. Ein av koreografane får også oppgåva med å sy saman framsyningane til ei større framsyning fredag 4. juli i Ørsta, så i søknaden kan ein nemna om det er aktuelt.  Det er ikkje pengar til at koreografen kan reisa i arbeidet med lokallaget, så koreografen må arbeida med eit lag som er på staden der ein bur. Honorar for koreograf i prosjektet er 25 000. Dette inkluderer førearbeid, etterarbeid, fem dagar koreografiarbeid, evt. mat og reise.

 

Lokallag søkjer ved å skriva litt om kvifor dei har lyst til å vera med og kor mange ungdomar ein har som er aktuelle til å vera med i prosjektet. Prosjektet sponsar lokallaget med reise og opphald for fem personar, ei natt under festivalen, men laget må rekna med nokre kostnader knytt til dette også. Ved spørsmål om dette kan ein kontakta kontoret. Ein kan gjerne kombinera prosjektet med sommarleiren som er i Ørsta 30. juni til 4. juli. Aldersgruppa i prosjektet er barn og unge opptil 26 år.  

 

Dersom lokallag og koreograf på ein stad samordnar søknaden sin, så er dette eit pluss. Korleis ein vil arbeida med dei fem dagane som er tenkt i produksjonen, er opptil lokallaget, musikaren og koreografen.

 

Søknadsfrist for å vera med er 15. februar 2014. Send søknad til halldis(a)ungdomslag.no


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign