Image

Siste frist for påmelding til amatørteaterfestivalen i sommar!

 10.-15.juni i år går Teaterslaget -norsk amatørteaterfestival av stabelen på Det Norske Teatret i Oslo.
Det vert monologkonkurranse, kurs og seminar, i tillegg til ein fellesrevy på laurdag 14.juni så her vert det nok å finne på, anten du er på scena eller berre vil få litt ny teaterinput.

Påmeldingsfrist for grupper er i dag, 8.januar så få med deg gruppa di og meld dykk på! Påmeldingsskjema finn de her: teaterfestival.no/pameding/


Hugs at de ikkje treng å ha ei ferdig framsyning no, men de må ha hatt premiere før festivalen startar 10.juni.

Påmelding er open for alle typer framsyningar; drama, musikal, revy, osb. De treng heller ikkje vere medlem i NU, men de kan ikkje vere profesjonelle skodespelarar.

Kom igjen, bli med, dette vert gøy!


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign