Image

Betre rammevilkår for organisasjonseigde kulturbygg?

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe frå Senterpartiet fremjar i dag eit privat forslag (såkalla dokument 8-forslag) til Stortinget om tiltak for å betre dei økonomiske rammevilkåra for organisasjonseigde kulturbygg. 
Image
Nedanfor er dokument 8-forslaget gjengitt i sin heilskap:

Forslaget frå Toppe er som følgjer:

Stortinget ber Regjeringa betre dei økonomiske rammevilkåra for organisasjonseigde kulturbygg ved at:

1. momskompensasjon også blir gitt for ny, på og ombyggingskostnader for bygg, anlegg eller annan fast eigedom.

2. det blir oppretta ei eiga tilskotsordning for organisasjonseigde kulturbygg, innanfor den desentraliserte tilskotsordninga for lokale og regionale kulturbygg.

Bakgrunn for forslaget:

Fleire av dei frivillige organisasjonane vi finn i Noreg i dag, har vore viktige husbyggarorganisasjonar. Frå tidleg på 1900-talet blei det bygd mange hundretals ungdomshus, bedehus, Folkets hus, losjar og andre typar forsamlingshus rundt om i landet. Desse bygga var viktig for foreiningsarbeidet i bygdene, og var ein sentral del av framveksten av mange av dei store folkerørslene.

 

Husa er framleis viktig for den levande kulturen og kulturlivet i bygdene rundt om i landet. Dei frivillige organisasjonane byggjer framleis lokale kulturbygg, om ikkje i like stort omfang som i starten. Dei organisasjonseigde bygga er ein viktig del av mange kommunar sitt kulturliv, og mange lokale lag og foreiningar sørgjer i praksis for at mange lokalsamfunn har sitt eige kulturhus, som også blir brukt til offentlege samkomer.

 

Samtidig har det dei siste tiåra blitt bygd mange kommunale kulturhus. Desse husa konkurrerer ofte med dei organisasjonseigde kulturbygga om viktige offentlege tilskotsordningar. Samtidig som kommunane byggjer nye, større kulturhus, treng dei frivillige organisasjonane gode rammevilkår for å vedlikehalde og utvikle ”dei små kulturbygga.” Mange av dei organisasjonseigde kulturhusa har etter kvart eit tydeleg vedlikehaldsetterslep og behovet for ombyggingar og modernisering er stort. Det vil og krevje innsats for å gjere desse universelt utforma.

 

Kommunane har i varierande grad tilskotsordningar for å stø opp under den lokale kulturaktiviteten. Men lag som har eigne hus har ofte driftskostnader til straum, vedlikehald og offentlege avgifter som er det mangedobbelte av det dei mottek i offentlege tilskot. Dei organisasjonseigde kulturbygga blir i all hovudsak drive på dugnad av medlemmer og bygdefolk.

 

Spørsmålet er i kva grad staten og fylkeskommunane kan vere med på å gje dei organisasjonseigde kulturbygga betre rammevilkår. I dag er det særleg to tilskotsordningar som kan trekkast fram; Den desentraliserte tilskotsordninga for lokale kulturbygg og momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar. Begge desse tilskotsordningane bør forbetrast for at dei skal treffe breiare, og i endå større grad bygge opp under at dei lokale kulturbygga er ein sentral del av den kulturelle grunnmuren.

 

Den desentraliserte tilskotsordninga for lokale kulturbygg blir forvalta av fylkeskommunane, etter retningsliner frå Kulturdepartementet. Organisasjonseigde kulturbygg er i målgruppa for ordninga, men saman med ei mengd andre typar kulturbygg, med ulike juridiske einingar. Mellom anna konkurrerer ein med offentlege bibliotek, skular som er kombinerte med fleirbrukshus, offentlege og private museum samt andre typar lokale og regionale kulturbygg. Dette gjer at organisasjonseigde kulturbygg ofte kan kome langt ned på  fylkeskommunane sine prioriteringslister, og søkjarar kan oppleve at ein i praksis aldri når opp på lista. Samstundes er erfaringa at tilskotsordninga ikkje er godt nok kjend hjå eigarar av dei lokale kulturbygga. 

Det er etter representantane si vurdering uheldig at organisasjonseigde og offentleg eigde kulturbygg konkurrerer om dei same midlane. Den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg bør derfor styrkast og bli gjort betre kjent blant organisasjonane slik at den når så breitt som mogleg. Tilskotsordninga bør delast i to, slik at offentleg eigde bygg og organisasjonseigde bygg har to ulike pottar, og slik at ein unngår at dei organisasjonseigde kulturbygga må konkurrere med offentleg eigde bygg. I tillegg bør ein vurdere ei  nasjonal kartlegging av alle lokale kulturbygg for å få eit betre oversyn over  behov og etterslep på kulturbyggsida.

 

Stortinget innførte i 2010 ei ny ordning der frivillige organisasjonar kan søkje om få kompensert kostnader til meirverdiavgift dei har hatt ved kjøp av varer og tenester. Målgruppa for ordninga er frivillige organisasjonar, og føremålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Søkjarar til denne ordninga må derimot gjere ein del frådrag av søknadsgrunnlaget, m.a. ved at ein må trekke frå kostnader ein har hatt til ny,-om- og påbyggingskostnader for bygg, anlegg og anna fast eigedom, dersom dette ikkje blir vurdert som kostnader til drift og vedlikehald. Dette betyr at frivillige lag organisasjonar som eig kulturhus ikkje får noko momskompensasjon ved nybygg, påbygg eller ombyggingar, altså vesentlege kostnadspostar for desse organisasjonane. Representantane meiner at momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar derfor må endrast  slik at lokale lag og foreiningar som eig lokale kulturbygg også  sikrast  momskompensasjon ved ny, -om og påbyggingskostnader.   


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign