Image

Kronerulling i bygda for å betale moms

Ungdomslag driv kronerulling i bygda for å betale momsutgifter til oppussing av ungdomshusa sine. Prinsippet om at frivillige organisasjonar skal sleppe å betale moms ligg fortsatt fram i tid. I alle fall for lag som har eige hus.

Stortinget innførte i 2010 ei momskompensasjonsordning for frivillige organisasjonar, der målet frå starten av har vore at organisasjonane skal få full momskompensasjon. Men ordninga er tilpassa slik at det ikkje er mogleg å søkje momskompensasjon for kostnader til nybygg, påbygg og ombygging.

Lokallaga til Noregs Ungdomslag eig til saman 250 ungdomshus som blir brukt som forsamlingshus i bygdene, både for ungdomslagsmedlemmer og andre. Dei fleste av laga har planar om vedlikehald og oppussing, men må tilpasse planane etter regelverket. Dei verkeleg store kostnadene fell ofte utanfor ordninga for momskompensasjon.

Stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Per Olaf Lundteigen og Ivar Odnes, alle frå Senterpartiet, leverte 3.4.2014 eit representantforslag til Stortinget. Her ber dei regjeringa endre regelverket ved at momskompensasjon også blir gitt for påkostnader.

Landsmøtet til Noregs Ungdomslag støttar forslaget og ser denne endringa som vesentleg for vidare drift og utvikling av ungdomshusa i organisasjonen.

Vedteke av landsmøtet i Noregs Ungdomslag, 6. april 2014 


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign