Image

Endre Kleiveland attvalt som leiar

Image
Endre Kleiveland frå Ungdomslaget Fram på Osterøy vart på landsmøtet i helga attvalt som leiar i Noregs Ungdomslag. Kleiveland vart
først valt som leiar i 2012, og tek no til på sitt tredje år som leiar.

Landsmøtet vedtok ein ny styringsstruktur for organisasjonen, noko som mellom anna medførte at fagråda for folkedans, teater, bunad og barn/unge er lagt ned. Sentrallekken vil i staden arbeide med ein utvalgsmodell der det vert utnemd ulike styrings og arbeidsgrupper til å arbeide med dei ulike prosjekta i organisasjonen. På den måten vil styre sikre seg ein dynamisk samarbeidsmodel der ein kan finne dei beste folka til kvart enkelt prosjekt.

- Det er ei spennenande tid vi no går i møte, seier Endre Kleiveland. No er fokuset retta mot lokallaga og den nye styringsstukturen skal ta  NU inn i framtida på ein god måte.
 
 

Styret er samstundes redusert frå 9 til 7 faste medlemmer.

Image





















Styret er samansett slik 
(fv) :
Marie Nicolaisen (Bygdelagssamskipnaden)
Marit Nerås Krogsæter (Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag.
Kine Reiersen (Oppland Ungdomslag) - politisk nestleiar
Endre Kleiveland (leiar)
Morten Nilsen (Nordland Ungdomsfylking) - organisatorisk nestleiar
Rita Strandbakke (Oppland Ungdomslag)
Ingeborg Hollekim Bringslid (Hordaland Ungdomslag - 1.vara)

Håvard Ims (Inntrøndelag Ungdomslag) var ikkje stilstades når biletet vart tatt. 


Som varamedlemmer til styret er følgjande personar valt:
Ingeborg Bringslid (Hordaland Ungdomslag) - 1. vara
Fredric Nygård (Eidsiva Fylkeslag) - 2. vara
Arve Jarl Hornnes (Sogn og Fjordane Ungdomslag) - 3. vara

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign