Image

Nynorskrørsla krev 10,5 millionar ekstra i statsbudsjettet

Nynorskprioriteringar i statsbudsjettet 2015

Samrøystes vedtak i møte 16.10.2014

 

Nynorskindeksen avslører manglande nynorsksatsing
Mange nasjonale og regionale nynorsktiltak får tilskot over statsbudsjettet. Frå og med 2000 har Nynorsk forum dokumentert kor mykje desse løysingane utgjer i prosent av det samla kulturbudsjettet (frårekna Den norske kyrkja). Aldri var nynorskindeksen lågare enn for 2015:
2000 3,4 2005 3,3 2010 3,2 2015 2,6

Løyvinga til nynorsktiltak måtte ha vore 70 mill. kr høgare i 2015 for å vere på nivå med 2010.

 

10, 5 millionar til prioriterte tiltak i 2015 
 
    Regjerninga Framlegg Nynorsk forum
1 Landssamanslutninga av nynorskkommunar 0 1 800
2 Norsk Ordbok: digitalisering og vidare drift 3 682 + 4 000
3 Det Norske Teatret 163 760 + 2 500
4 Nynorsk avissenter 2 200

I tillegg strekar Nynorsk forum under at framlegget om kutt i pressestøtta må reverserast slik at løyvinga til pressestøtte aukar med 50 mill. kr. Dette vil mellom anna styrkje ei rekkje av dei avisene som fremjar språkleg jamstilling ved å bruke nynorsk på riksdekkjande nivå.

1 Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) må inn att i statsbudsjettet.
Den språkpolitiske organisasjonen LNK blei skipa i 1993, driv svært billig, har sidan 1995 fått statstilskot, som i 2014 utgjer nær 20 % av inntektene. Av 123 medlemer er 103 kommunar og fire fylkeskommunar. Berre LNK arbeider systematisk for språkrøkt og bruk av nynorsk i offentleg forvaltning på regionalt nivå. LNK driv også gode digitale tenester for unge lesarar – Framtida.no, Magasinett.no og Pirion.no. Det bør løyvast 1,8 mill. kr.

2 Norsk Ordbok må førast vidare med mellombels prosjektorganisasjon
Norsk Ordbok er eit av dei fremste vitskaplege ordboksprosjekta i Europa. Band 12 kjem ut våren 2015, og dette er dekt i statsbudsjettet. I spørjetimen 15.10. stadfesta statsråd Widvey at det er viktig å ha ein digital versjon av Norsk Ordbok. Den etablerte prosjektorganisasjonen smuldrar no opp fordi UiO har sagt opp alle tilsette med verknad frå 31.12.2014. Ein mellombels prosjektorganisasjon må etablerast for å sikre at arbeidet held fram med å fulldigitalisere band 1–5 (alle ord frå a til h) og kontinuerleg oppdatere verket. Dette krev 4 mill. kr ekstra i 2015.

3 Det Norske Teatret og Nationaltheatret må jamstillast
I Budsjettinnst. S nr 12 (1990–91) heiter det at «Komiteens flertall, alle unntatt Fremskrittspartiet, understreker at Det Norske Teatret og Nationaltheatret er likestilte riksscener.» Særleg etter 2000 har likevel avstanden i løyvingar auka, og for 2015 inneber statsbudsjettet ein skilnad på 24,2 mill. kr. Med eit tillegg til 2,5 mill. kr til Det Norske Teatret får begge teatra same auken i kroner.

4 Nynorsk avissenter må få fast offentleg tilskot
Med privat og offentleg finansiering opna Firda Media AS i Førde i 2013 Nynorsk avissenter. Denne effektive og billige opplæringa i moderne avisjournalistikk og nynorsk språkrøkt styrkjer rekrutteringa til 59 nynorskaviser landet rundt med åtte nye nynorskjournalistar i året. Full drift frå og med 2015 kostar 2,8 mill. kr, og Nynorsk avissenter treng 2,2 mill. kr i statstilskot kvart år.



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign