Image

Bok om Faner i den frilynde ungdomsrørsla

Faner i den frilynde ungdomsrørsla er eit leksikon med artiklar og over 460 faner, mange av dei er presenterte med både framsida og baksida. Her er ungdomslagsfaner frå så godt som kvar einaste kommune i heile landet. Fanene viser visjonen i ungdomslaga og på landsplan. Det kan vere store ord, ord som peikar framover. Også faner i ungdomslag om ikkje er med i Noregs Ungdomslag er tatt med i dette rause gjennomillustrerte verket. Profesjonelle kunstnarar som Nikolai Astrup, Ole Ekornes d.e. og d.y., Bergslien-brørne og Louis Kvalstad er i godt selskap med dyktige husflidutøvarar og lokalt og regionalt kjente kunstnarar. Boka byr på ei kulturhistorie få eller ingen andre rørsler kan vise maken til. Det er også eigne kapittel om fanetradisjonen, utvikling av bildespråket, kva fanene fortel, fanekunstnarar, faneord, lagsnamn, lagsregister og solide kjeldetilvisingar.

I mange år har Asbjørn Thomassen (1938-2013), tillitsvalt og tidlegare redaktør og internasjonal rådgjevar i Noregs Ungdomslag, systematisk samla opplysningar og foto og skrive meste av boka. Forfattaren, journalisten og lektoren Liv Marit Idsø (1950 -) har fullført arbeidet, og begge har hatt god hjelp av ungdomslagsfolk landet rundt. Boka Faner i den frilynde ungdomsrørsla er gitt ut av Bokbyen Forlag i samarbeid med Noregs Ungdomslag.

340 sider, gjennomillustrert i farger. Kr 450,- (porto kjem i tillegg)

Boka kan tingast på denne sida. 

ImageImage


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign