Image

Lyst på gratis sommarleir? Bli potet!

NU sin sommarleir skal i så stor grad som mogleg vere styrt av dykk som er deltakarar. Derfor vil vi ha med fire personar som vil vere ein del av leiargruppa på leiren. Potetene har eit særlig ansvar for det sosiale miljøet på leiren og på kursa. Potetene får ei rolle som vertar på kursa og er med på morgonmøtet med leirsjefen og administrasjonen kvar morgon. Potetene har eit ekstra ansvar på kvelden etter at kursa er over. Då er det leirsjefen og potetene som styrer sommarleirskuta.

Kva er ei “potet” seier du? Ei “potet” er ein person som kan hjelpe til med litt av kvart og alt mogleg under leiren. “Potetene” er med i leiargruppa saman med leirutvalet, leirsjefen og dei tilsette. Potetene må vere over 18 år, og bør ha vore på eit par sommarleirar før, slik at dei veit kva det går i. Du må også kunne kome anten dagen før leiren (altså 22.juni) eller tidleg 23.juni slik at du kan få opplæring og omvising på leirstaden.

Kvifor gidde? "Poteter" treng ikkje å betale deltakaravgift (reisa må du sjølv eller laget ditt dekke), og får du sjølvsagt også delta på kurs og aktivitetar. Vi ønsker at potetene skal få gå på dei kursa dei vil, men sidan vi vil ha poteter på alle kursa må du rekne med at du ikkje får alle ønska oppylt for kursplan. Vil prøver å gjere det så rettferdig som mogleg for alle potetene.

Om du tykkjer at akkurat DU bør vere potet i år så må du sende ein epost til halldis(at)ungdomslag.no innan 1. mars. Merk eposten med potetsøknad.

Svar på desse spørsmåla i eposten:
• Fullt namn, kvar du er frå og eventuelt ungdomslag du er med i.

◦ Kvifor vil du vere potet på Sommarleiren?
◦ Reiser du berre dersom du vert valgt til potet?
◦ Kor gamal er du per 22.juni 2015?
◦ Har du vore potet på ei NU-sommarleir tidlegare? Viss ja, kva år?
◦ Har du vore deltakar på NU si sommarleir tidlegare? Viss ja, kva år?

◦ Kva kurs vil du helst gå på? (Maks 2 per dag, og dei kan ikkje vere samstundes. Skriv gjerne ned alternativ i prioritert rekkefølgje).

Kursinformasjon og påmelding opnar på nettsida til sommarleiren 1.februar 2015. Sjå www.sommarleiren.no

◦ Kva bakgrunn har du med tanke på aktivitetar? (Folkedans? Teater? Musikk? Song?).

Det er ein stor kurskabal som skal gå opp, så me kan ikkje garantere at du får gå på alle dei kurs du ynskjer, men me skal gjere vårt beste for at du får med deg dei fleste kursa. 
Reise til leiren må du ordne og dekke sjølv (høyr gjerne med ditt fylkeslag om dei planlegg fellestransport til leiren)

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign