Image

Kulturarv som raknar i saumen - invitasjon til seminar 12. mai

Korleis kan vi sikre mangfaldet i bunaduttrykket i Noreg?

Norges Husflidslag, Heimen Husflid og Nynorskens hus vil varme opp til nasjonaldagen ved å spørje om ein vesentleg del av kunnskapen og kultarven i Noreg er i ferd med å gå tapt og konsekvensar dette kan ha. Vi vil vise kva verdi handverk har for samfunnet. Vi vil setje dagsorden for korleis vi kan sikre denne kunnskapen for framtida.

Vi inviterer til ein møtestad for forskarar, utøvarar, interesseorganisasjonar og politikarar, der vi saman drøftar verdiar, kompetanse og ikkje minst vegen vidare.

Seminaret er gratis, ope for alle og finn stad i Nynorskens hus, Rosenkrantz’ gate 8 i Oslo, 12. mai klokka 12.30-16.00.

Påmelding via 6. mai via denne lenka. Følg med på Facebook-hendinga for oppdateringar i programmet.

Førebels program:

«Er det dere som er bunadspolitiet? Og ni andre spørsmål fra folk flest.» Ved Marit Jacobsen frå Norges Husflidslag

«Kva veit vi om bunadsproduksjon og kor mykje er kunnskapen verdt?» Samtale mellom Mette Vårdal frå Studieforbundet kultur og tradisjon og Gisle Mariani Mardal frå Norwegian Fashion Institute.

«Ei innføring i kvardagen med nål og trå» Tre kortinnlegg om kvardagen som bunadstilverkar ved mellom anna skreddar og husflidskonsulent Hege-Therese Nilsen.

«Politiske svar på bunadsfagets utfordringar» Kulturpolitisk talskvinne i Arbeiderpartiet, Hege Haukeland Liadal

Det vert òg kunstnariske innslag. Lunsj og kaffi serverast ved starten av seminaret.

Heimen husflid er landets største enkelståande bunadsprodusent og forvaltar ein unik del av norsk drakthistorie. Norges Husflidslag har over 24 000 medlemmar og er ein ledande kultur- og interesseorganisasjon innan kulturvern, handlingsbåren kunnskap og næringshusflid.
Nynorskens hus er eigd av Bondeungdomslaget i Oslo og er ein arena der folk med ulik kompetanse og kunnskap møtast og skape kunst og kultur.


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign