Image

Nordisk leiarskule
10. – 16. august 2015

Norges Bygdeungdomslag, 4H Norge og Nordisk Samorganisasjon for Ungdomsarbeid inviterer deg som er mellom 16 og 30 år og som er leiar eller har leiarerfaring i organisasjonen din til ei veke med fagleg påfyll i leiarrolla di, kombinert med spennande aktivitetar i friluft.

Du får:
- Eit fellesskap med andre unge
- Bli kjent med andre land, og nokre av deira tradisjonar
- Lære meir om å leie organisasjonen din gjennom spennande tema som
kommunikasjon, presentasjonsteknikk, leiarrolla med fleire
- Delta på spennande aktivitetar i fjellet og på kysten. Du får mellom anna
besøkje ein isbre og prøve fiskelykka frå båt
- Lære å lage mat på bål og andre praktiske ferdigheiter ute i naturen
- Styrka evnene dine til samarbeid og kommunikasjon over landegrensene
- Eit nettverk av samarbeidspartar i heile Norden, Russland og Estland
- Utfordra deg sjølv og utvikla deg saman med andre

Praktisk informasjon
Nordisk leiarskule vert arrangert i Sogn og Fjordane fylke på vestkysten av Norge, i Stryn og Vågsøy kommune. Her kan du oppleve det beste av fjell og fjord Vest-Norge kan by på.

Overnatting og aktivitetar
Dei fire første dagane skal vi vere på Nordfjord Fritidssenter i Stryn, der er det overnatting på fleirsengsrom med enkel standard. Les meir om Nordfjord Fritidssenter på www.nordfjordfritid.no.

Siste del av veka skal vi vere på Norsk Kystleir i Vågsøy. Der er det overnatting på sovesal. Les meir om Norsk Kystleir på www.kystleir.no.
Dagane vert fulle av spennande aktivitetar saman med dei andre deltakarane, ein del tema som gjer deg til ein betre leiar i din organisasjon, ein del friluftslivsaktivitetar og ein del fritid med gøy og moro.

Deltakarpris
Å delta på Nordisk leiarskule kostar 2000 NOK. I deltakarprisen er kost, losji, aktivitetane på programmet og transport til og frå Bergen inkludert. Det er også berekna at vi kan betale reiserefusjon til deltakarane. Hugs at du sjølv må ordne med reiseforsikring og europeisk helsetrygdkort.

Reise
Avsendarorganisasjonane skal sjølv bestille billett til Norge, og vi ber om at alle møter opp i Bergen måndag 10. august innan klokka 14.00. Avreise frå Bergen kan tidlegast vere søndag 16. august klokka 22.00. Det vert ordna med overnatting i Bergen for dei som reiser heim måndag 17. august. De vert oppfordra til å bestille den billegaste reisa som passar med tidspunkta. Vent med å bestille reise til du får melding om at du er påmeldt arrangementet.

Påmelding
Dersom du vil delta på Nordisk leiarskule må du melde frå til organisasjonen din. Organisasjonane melder på deltakarane samla til 4H Norge ved hilde.svaren@4h.no. Fristen for å melde på deltakarar er 22. juni 2015. Totalt har vi plass til 50 deltakarar, og det kan vere inntil 4 deltakarar frå kvar organisasjon / land.

Det er ikkje tillate å nytte alkohol eller rusmiddel under arrangementet. Du som er deltakar får tilsendt meir informasjon etter at vi har motteke påmeldinga.

Har du spørsmål?
Ta kontakt med Hilde Sværen på hilde.svaren@4h.no.

Nordisk Samorganisasjon for Ungdomsarbeid er ein paraplyorganisasjon for ungdomsorganisasjonar i Norden. NSU arbeider for å styrke samarbeidet mellom ungdomsorganisasjonar i Norden og auke unge sin bevisstheit om og interesse for Norden, nordisk kultur, verdiar og fellesskap.



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign