Image

Tidlegare NU-leiar er død

Anders Gjerland (52) døydde i ei tragisk
billukke i Romarheimsdalen 18. mai.
Image 
Anders var engasjert i ungdomslagsrørsla i mange år, og var leiar i Noregs Ungdomslag frå juli 1996 til september 1997. Han har også vore leiar i Sogn og Fjordane Ungdomslag i to periodar.
 
Anders vart fødd og oppvaksen i Haukedalen i Sunnfjord. Det var også der han hadde bustaden sin, og han pendla derifrå til Haakonsvern i Bergen, der han arbeidde som major.
 
Anders var ein engasjert og markant person, som sette tydelege spor etter seg. Gjennom Sogn og Fjordane Ungdomslag har han dei siste åra spesielt arbeidd med prosjektet ”Huset i bygda,” som har vore eit pionerprosjekt for å løfte fram og styrke dei
organisasjonseigde kulturbygga.
 
Gravferda til Anders blir frå Haukedalen kyrkje onsdag 27. mai kl. 13. Like kjært som blomar, ønskjer dei etterlatne ei gåve til Haukedalen Samlingshus (konto nr 3700 58 22417).

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign