Image

Skrivekonkurranse for ungdom

 – «Ein får tru det ein vil» kan tolkast på ulike måtar og eg trur det kan kome mykje spennande ut av det, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Ivar Aasen-tunet.

Det er tredje året Dei nynorske festspela og Sunnmørsposten samarbeider om ein skrivekonkurranse for ungdom og deltakinga har vore god dei andre åra. I år er sjangeren novelle og temaet er inspirert av eit ordtak etter Ivar Aasen. Teksten skal vere på nynorsk, men innhaldet bestemmer du heilt sjølv.

Dei tre beste tekstane kjem på trykk i Sunnmørsposten. Ein jury kårar vinnaren, som i tillegg får 5 000 kroner, og blir avslørt på eit eige arrangement under Dei nynorske festspela fredag 26. juni. – I år er forfattar Bjørn Sortland juryleiar og skriveglad ungdom har no sjansen til å få tekstane sine vurdert av ein profesjonell forfattar, seier Widerøe. I juryen har Sortland med seg ein representant for Sunnmørsposten og ein frå Aasen-tunet.

Les meir og send inn novella her


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign