Image

Prosjektkoordinator for ”Hardingfela.no”

 ”Hardingfela.no” er ei felles satsing mellom Hardanger og Voss museum og Ole Bull Akademiet. ”Hardingfela.no” tek mål av seg til å formidle den handlingsborne kunnskapen knytt til hardingfela regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Me treng ein person til å drive og vidareutvikle ”Hardingfela.no” og lyser ut 50 prosent stilling som prosjektkoordinator. Stillinga er i fyrste omgang ei prosjektstilling frå 01.08.-31.12.2015, med moglegheit for forlenging i 2016.

Arbeidsoppgåvene er:
- Stå for dagleg drift – praktisk, administrativt og økonomisk
- Utvikle, organisere og gjennomføre prosjekt i samarbeid med eigarinstitusjonane

- Saman med eigarane legge til rette for gode formidlingsarenaer i heile Hordaland
- Utvikle ”Hardingfela.no” gjennom dialog med det offentlege, folkemusikkorganisasjonar/- institusjonar, sponsorar og andre samarbeidspartnarar

Du bør ha erfaring frå kulturarbeid, brenne for tiltaket, vera god til å samarbeide, ha evne til å sjå nye moglegheiter og vere strukturert.

Lønn etter avtale. Søknadsfrist 15. juni. Send søknaden til: Ole Bull Akademiet, P.b. 443, 5703 Voss– eller oba@olebull.no.
Har du spørsmål, kontakt rektor Jo Asgeir Lie, mob. 90516652.

Les meir på nettstaden til Ole Bull Akademiet

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign