Image

Val 2015 - kva med ungdomslaget?

Det kan vera vanskeleg å manøvrera seg gjennom valløfte, debattar og ulike meiningar i lokalpolitikken. Når det kjem til kommunevala, er det heller ingen hemmelegheit at mykje av valet blir avgjort utifrå kva person som stiller på listene.

Men kor god er kommunen din på å legge til rette for at ungdomslaget skal kunne halde aktiviteten oppe og (for dei fleste) lagshuset i orden? Kanskje du burde spørje dei om det neste gong du treff på dei?


Ikkje bli gløymt - still spørsmål!

Kommunesamanslåing, eigedomsskatt, skule og eldre. Sjølvsagt viktige saker, men nokon må minne politikarane på at det eit ungdomslag tilfører lokalmiljøet er ikkje noko som bør gløymast. For kva vil politikarane gjere for å:

  • Sikre gode øvingslokaler til barn og ungdom?


  • Kva vil du gjere for at det skal vere enklare for lag å drive og eige hus?


  • På kva måte meiner du kommunen kan støtte lag og foreiningar når kulturmidlane blir redusert?

 

Noregs Ungdomslag oppmodar med dette om å snakke med ordførarkandidatane og lokalpolitikaren på stand, og eventuelt skrive eit innlegg i lokalavisa. Fortell om kvifor laget er viktig og kva de treng hjelp til. Og gå gjerne saman med andre liknande organisasjonar, kanskje har historielaget, husflidslaget, slektsforeninga eller idrettslaget dei same utfordringane?

 


Her er eit par nyttige lenker som både kan gi deg fakta og argument

 

- Norges turistforening, Norges Røde Kors og Norges idrettsforbund har samla seg om denne kronikken om Ti krav til en god frivillighetskommune.

 

- Framtida.no har eigen valspesial. Her kan du t.d. sjekke kor god kommunen og fylket ditt er på utvalde spørsmål.

-Sulteforar dei nye kulturhusa kulturen i kommunen? Henta frå nrk.no

(Lista vil oppdaterast)


Ps: Er språkpolitikk ein heit tema I kommuen, eller burde det vere det?

 

Her er tre forslag til spørsmål du kan stille:

  • Kva vil du gjere for å gi nynorskbrukarar tryggare rammer i kommunen?
  • Kva vil du gjere for å betre sidemålsundervisninga?
  • Kva vil du gjere for at nynorsken kan kome gunstig ut frå ei kommunesamanslåing?

 


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign