Image

Kulturdepartementet løyver 1 million kroner til utgreiingsarbeid for etablering av kulturparaply

 Pressemelding 28. august:

Kulturminister Thorild Widvey har offentleggjort at Kulturalliansen vil motta 1 million kroner for å kartlegge og utgreie behovet for ein felles nasjonal møteplass for dei frivillige kulturorganisasjonane.


Kulturalliansen er namnet på eit kulturpolitisk samarbeid mellom organisasjonane, Frilynt Norge, Noregs Ungdomslag, Norsk Amatørteaterforbund, Studieforbundet kultur og tradisjon og Norsk musikkråd. Alliansen blei oppretta som samarbeidsforum våren 2015, etter eit felles ønskje om ein paraplyorganisasjon for dei frivillige kulturorganisasjonane i Noreg.

Vil styrke det lokale kulturlivet

- Målet vårt er at vi i 2016 kan ha lagt grunnlaget for etablering av ein paraplyorganisasjon for kulturfrivilligheita, som arbeider for å styrke det lokale kulturlivet, seier Eli Ulvestad, generalsekretær i Noregs Ungdomslag og koordinator for arbeidet i alliansen. Ho understrekar at kulturalliansen er oppteken av å skape ein prosess med ei brei involvering av dei frivillige kulturorganisasjonane, og god forankring gjennom heile prosessen.


Gjennom løyvinga frå departementet er Kulturalliansen sikra ressursar til å koordinere ein god prosess, og til å gjennomføre ei konkret kartlegging og utgreiing om behovet for ein paraplyorganisasjon på kulturfeltet. - I tillegg til å sjå korleis paraplyorganisasjonar for andre interesseområde er organisert i Noreg, ønskjer vi også å hauste erfaringar frå dei andre nordiske landa som har etablert liknande samarbeidskonstellasjonar på kulturfeltet, seier Ulvestad.
 

Første milepæl i prosjektet er eit nasjonalt seminar for kulturorganisasjonane som er planlagt i oktober 2015. Invitasjonar til dette seminaret vil gå breitt ut i organisasjonsmiljøet.

Prosessen kan etterkvart også følgjast gjennom nettsida www.kulturalliansen.no

 

Kontaktinformasjon:

Eli Ulvestad, tlf 994 64 995
eliATungdomslag.no

Pressemelding frå Kulturdepartementet

Dagbladet frå tildelinga 27.08.2015
 


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign