Image

Isleik 2016

Frå 11.- til 17. juli er det Isleik på Island, og ny påmeldingsfrist er satt til 1. juni.
Det har vore lite informasjon frå arrangørane på Island, men no er programmet meir oppdatert.

Nedanfor finn de programmet og turar på stemnet. Den same infoen finn du på heimesida til stemnet,

Som på kvart Nordlek-stemne må kvart land bidra med danseleiing, songkveld og oppvising på årets Isleik. Folkedansmedlemen i det norske Nordlek-utvalet, Anne Marie Nerby, har koordineringsansvar for dei norske bidraga. Om du kan tenkja deg å vera med i ein Isleik-komité eller kan tenkja deg å bidra med nokre programpostar så er det fint om du sender ein e-post til Anne Marie på annemarie.nerby@gmail.com

Kontoret tek imot påmeldingar og betaling av stemnet. Send eit utfylt påmeldingsskjema til halldis@ungdomslag.no. Dei laga som reiser må melda seg på samla på eit påmeldingsskjema, og dette vert også fakturert samla. Fristen for å senda påmeldingar inn til kontoret er 1. juni. Reiser du åleina så kan du sjølvsagt senda inn påmeldingsskjema berre for deg óg.
PÅMELDINGSSKJEMA FINN DE HER

Norske fellesdansar

Desse vert dansa på Arbær Museet laurdag 16. juli om ettermiddagen.
  1. Danse inn på Klappdans
  2. Feiar frå Vestlandet
  3. Firetur frå Romerike
  4. Ril frå Dønna
  5. Dans ut i stor ring på Ril frå Dønna- musikken
  6. Songdans: Ola Glomstulen
  7. Rotnheims Knut
  8. Ril frå Sandsvær i stor ring
  9. Utdansing på galopp/polka

PROGRAM ISLEIK (PDF)
UTFLUKTER ISLEIK (PDF)
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign