Image

Mette Vårdal ny styreleiar i Noregs Ungdomslag

På landsmøtet 23. - 24. april  var delegatar frå heile landet samla for mellom anna å velje nye tillitsvalde, vedta politiske fråsegner og starte opp arbeidet med nytt arbeidsprogram. Og det var Mette Vårdal (43) som var vald til ny leiar i Noregs Ungdomslag etter Endre Kleiveland. 

“NU er ei fantastisk organisasjon. Eg hadde det meste av ungdomstida mi I NU, og lærte og opplevde utruleg mykje. Det som imponerer meg mest er likevel kor mykje organisasjonen har endra seg dei siste åra, og at NU framleis er ein viktig aktør for det frivillige og for lokalkulturen i Noreg.”

 

Vårdal  er historikar, kulturarbeidar og  lokalpolitikar for Senterpartiet i Vågå. Ho start å danse i BUL Oslo som åtteåring, og har seinare hatt fleire verv, leia prosjektarbeid og vore tilsett på kontoret til Noregs Ungdomslag.

Nytt styre
Ny politisk nestleiar i Noregs Ungdomslag er Marit Nerås Krogsæter (Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag) og ny organisatorisk nestleiar er Håvard Ims (Rogaland Ungdomslag). Tone Mjelde (Hordaland Ungdomslag), Morten Nilsen (Nordland Ungdomsfylking), Torbjørn Bergwitz Lauen (Hordaland Ungdomslag), Kevin André Kuntze Theigmann (Nordland Ungdomsfylking) er medlemmar av styret.


1. vara:  Endre Strømsjordet Myhre (Oppland Ungdomslag) 2. vara: Kine Langnes Reiersen (Oppland Ungdomslag). 3. vara: Marie Nicolaisen (Bygdelagssamskipnaden)


Image
Nytt styre og styreleiar. Bak frå venstre.: Endre Strømsjordet Myhre, Kevin André Kuntze Theigmann, Morten Nilsen, Torbjørn Bergwitz Lauen og Håvard Ims. Fremst frå venstre: Tone Mjelde, Mette Vårdal, Marit Nerås Krogsæter. Ikkje tilstades: Marie Nicolaisen og Kine Langnes Reiersen


 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign