Image

Påminning: E-post frå NU Kulturformidling

Før påske sendte NU Kulturformidling ut ein e-post til alle lag i NU. Ein god del har svara, men det er framleis mange som ikkje har gjeve lyd frå seg. Her kjem difor ei oppmoding om å lese e-posten, og returnere svar på spørsmåla. Om det er nokre av dykk som ikkje har fått e-posten, send gjerne ei melding om det til formidling@ungdomslag.no

Under finn de spørsmåla frå utsendinga, samt ein ekstra link til ungdomshus-nettstaden, sidan det har vore nokre tekniske problem med den fyrste linken.

Med ynskje om ein triveleg vårdag!

Anne-Marte Før
Prosjektleiar, NU Kulturformidling
E-post: formidling@ungdomslag.no
Mob.: 936 53 751


1. Ungdomshus - finn de huset dykkar på ungdomshus-nettstaden?

Det har dei siste åra vorte samla inn informasjon om ungdomshusa rundt om kring i landet. Mykje av dette arbeidet er gjort ved å sende ut spørreundersøking til lokallaga for å få oversikt over dei einskilde husa. Det som har kome inn av opplysningar og foto er no samla på ei nettside, de kan ta ein førehandskikk på sida om det går inn på følgjande link: www.ungdomshus.ungdomslag.no

 

Som de kan sjå på linken er arbeidet med nettstaden godt i gang, men vi manglar framleis ein god del hus.

 

Om de kan søke opp huset dykkar og sjekke om informasjonen stemmer og om det er brukbare fotografi eller ikkje, så er det kjempefint. Eg set pris på attendemelding i begge fall. Alternativ link til ungdomshus-nettstaden: http://nuhus.azurewebsites.net

2. NU Kulturformidling – konsertar, teater og liknande i dykkar ungdomhus?

NU Kulturformidling har vore omtala i medlemsbladet Ungdom og i andre fora, prosjektet kom til etter at Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland kontakta NU fordi dei ynskte å besøke ungdomshus på Heimafrå-turneen sin i 2014. NU Kulturformidling skal stimulere til at artistar, teater osb skal reise ut på vitjing til ungdomshus rundt om kring i landet. Ungdomshusa er eit unikt nettverk av små kulturhus og likeeins er lokal-laga eit nettverk av gode arrangørar. I prosjektet skal informasjon om husa gjerast tilgjengeleg i ein nettportal, det skal lagast ulike forslag til turne-ruter og haldast arrangør-kurs, mellom anna.
Kan det vere aktuelt for dykk å vera arrangørar/vertskap for konsertar, teaterframsyningar ol. ? Kven hjå dykk vil, i så fall, vere kontaktpersonen min for NU Kulturformidling? (Kontaktpersonen treng ikkje vere leiaren, de må gjerne ha ein eigen arrangør-kontakt).

 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign