Image

Mangfald og integrering i lokallaga

Styret i Noregs Ungdomslag bestemte i januar å sette ned ei ressursgruppe som skal bidra til mangfald og integrering i lokallaga våre, dette etter initativ frå Sannidal Ungdomslag som har erfaring med å inkludere flyktningar i sitt ungdomslag. Landsmøte vedtok i fjor ei fråsegn frå Sannidal UL som oppfordrar til meir mangfald i laga.

 

Kva skal Noregs Ungdomslag si rolle vera i integreringsarbeidet med flyktningar og innvandrarar som kjem til kommunene våre? Korleis kan me tenke nytt, slik at aktivitetane me driv med også kan nå ut til denne gruppa? Har du eller ditt lag innspel eller erfaringar med dette frå di bygd eller ditt ungdomslag?


Me ønskjer å høyre frå deg, alle innspel er velkomne! Send ein e-post til tone.mjelde@ungdomslag.no

Her finn du fråsegna frå Sannidal Ungdomslag (PDF)


Tips: LNU Mangfold og inkludering
LNU forvaltar stønadsordninga Mangfold og inkludering. Dette gjeld prosjektet for og med barn og unge. Neste søknadsfrist er 1. juni.
Les meir på heimesida til LNU

Bilete på framsida: Teater HotPot i Vågå er rykande ferske medlemmar av Noregs Ungdomslag. Les meir om teatergruppa i Ungdom nr. 2 i slutten av mai. 



Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign