Image

Broderi: Importvare eller kulturarv?

Norges Husflidslag sammen med Studieforbundet kultur og tradisjon, Noregs Ungdomslag, Institutt for bunad og folkedrakt og Norsk folkedraktforum inviterer til "Fagdagane i bunad og folkedrakt" med broderi som tema!

Velkomen til Fagdagane 2016, eit seminar og ein møteplass for alle drakt- og bunadinteresserte! I år er fokus sett på handverka som er grunnlaget for bunadene våre, og ved å ta utgangspunkt i bunadbroderiet vil vi drøfte bevaring, opplæring og bærekraft i bunadproduksjonen.

Fagdagane 2016 inneheld foredrag, handverksdemonstrasjonar, praktiske kurs og bunadparade, i tillegg til salsmarknad. Her kan du melde deg på ulike foredrag og kurs, samt bestille overnatting. Deltakaravgift: 1500,- kr.

Program


Måndag 29. august 2016
Fagernes hotell

12.00 Registrering/Lunsj
13.00 Opprop
13.15 Velkomen ved alle arrangørane
13.30 Innleiande foredrag: Kari Anne Pedersen
14.00 Innleiande foredrag: Oli Lilletvedt
14.30 Bli kjende!
14.45 Kaffipause med småmat
15.15 Bunadtilverkarar og delprodusentar, ved Mette Vårdal
15.45 Spørsmål /diskusjon
16.00 Pause
16.20 Tenestedesign og kunnskap i bunadnæringa ved masterstudent Anne Viola Ulvin.
18.30 Fotografering
20.00 Festmiddag i bunad

Tysdag 30. august 2016
Valdres folkemuseum

09.00 Stoffmesse opnar, er open hele dagen
10.00 Ulike verkstadtilbod
12.00 Lunsj: Matpakker i det fri
13.00 Ulike verkstadtilbod og foredrag ved Kirsti Kolle Grøndal.
15.00 Avslutting i amfiet
16.00 Program slutt

I fjor var det svært stor interesse for arrangementet, og venteliste. Så ikkje vent for lengje før du melder deg på her: PÅMELDING.
Du mottek ein e-post som stadfestar påmeldinga.

For ein smak på kva Fagdagane er kan du lese artiklar fra 2015-arrangementet her. 

Image

 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign