Image

Teater HotPot

Alle treng vi til ulike tider gjennom livet å bli rekna med og å vere nyttige i eit fellesskap. Det frivillige feltet har mykje å bidra med her i arbeidet med å inkludere, integrere og motarbeide utanforskap. Her er historia om dei ferske NU-medlemmane Teater HotPot – om ideen, prosessen og resultatet. Dette er eit eksempel på ein veg også ungdomslaget ditt kan gå for å bidra til inkludering og integrering av flyktningar og busette, og ikkje minst nordmenn.

 

«Integrering» – rett til å vere i eit fellesskap «Inkludering» – rett til å vere ulike i fellesskapet
Norske kommunar har ulike tiltak for integrering og inkludering. Særskilt utfordrande er integreringsarbeidet med kvinner. I 2013 starta teaterpedagog Gro Dybvik opp eit teaterprosjekt for busette og etablerte kvinner i Vågå i samarbeid med kulturskulen og flyktningkonsulentane. Gruppa skulle fungere som ein møteplass for kvinner med ulik ståstad, men med felles mål. Saman skulle dei lage framsyningar til FN-dagen.
Målet var å skape ein kulturell arena der menneske med ulik bakgrunn fekk høve til å møtast og utvikle seg i kreativt samspel. Prosjektet skulle bryte ned barrierar og fordommar, knyte band mellom kvinner frå ulike kulturar busette i kommunen og heve statusen til flyktningar. Teaterøktene var viktige i seg sjølve, samtidig hadde dei eit blikk retta mot framsyninga. Det sceniske aspektet var gjeldande, elles ville det bli pedagogisk drama. Det skulle vere teater!

Skapt av kvinnene

Alle har noko å bidra med i eit fellesskap. I denne gruppa vart alle viktige brikker for å få framsyningane klare. Dei sydde kostyme og ordna praktiske oppgåver, men aller viktigast var det at alle bidrog med sine liv og erfaringar. Dette skapte ei gripande forteljing om kvinnene i gruppa og det å nærme seg einannan. Korleis har livet mitt vore, mi reise, korleis var det å starte heilt på nytt i eit framand land? Kvinnene begynte etter kvart også å møtast på fritida, gruppa fekk fleire førespurnadar om å delta med innslag på ymse tilstellingar i regionen.

 

Braksuksess – eventyret var berre så vidt i gang
Dei fleste kvinnene hadde aldri stått på ein scene før. Det sette ikkje ein stoppar for ei framsyning som gjorde sterkt inntrykk på publikum. Mange gret, takksame for ei skilsettande oppleving, og tok med seg heim ei teateroppleving dei seint ville gløyme. Framsyningane synleggjorde mangfaldet i det vesle bygdesamfunnet Vågå. Kanskje braut dei ned ein og annan myte og justerte noko på fordommar.
Etter stor suksess med fyrste framsyninga og små oppdrag som stadig draup inn, vart det klart at eventyret Teater HotPot berre så vidt hadde starta. Teatergruppa måtte bli eit fast tilbod for kvinner i Vågå! Dei fleste heldt fram i gruppa, og nye medlemmar kom til. Neste års FN-dag er målet for neste framsyning. Prosjektet vart ei solskinshistorie både med tanke på integrering, inkludering og språklæring, og det har utan tvil gjeve dei som har sett framsyningane, både ei stor kunstnarisk oppleving og noko å tenkje på. Gruppa hadde kvinner frå Noreg, Litauen, Brasil, Eritrea og Afghanistan.

Det er ein plass for alle på benken
Den fyrste framsyninga var basert på flukta og reisa, både fysiske reiser og mentale. Andre framsyninga heitte En plass på benken og skildra korleis det er å kome til eit nytt land, og korleis det er å bli inkludert og integrert – svært samtidsaktuell og lærerik for folk frå alle lag og grupperingar i samfunnet, og prosjektet, prosessen og resultatet er eit eksempel å fylgje for fleire kommunar og bygder.
Korleis er det eigentleg å finne plassen sin på benken i ei lita fjellbygd, både for tilflyttar og for bygdefolket?

Ferske NU-medlemmar

Går ditt ungdomslag med tankar om å få liv i teaterarbeidet og utvide teatergruppa, eller tykkjer du tanken om ei internasjonal gruppe som HotPot høyrest ekstra spennande ut? Arbeidet med teaterprosessar er svært samlande, opnar opp menneska og utviskar kulturbarrierar. Læringseffekt innan munnleg kommunikasjon, lesing og skriving er formidabel. Desse resultata har kome nærast som ein bonus og ein bieffekt til det som var hovudintensjonen i prosjektet – men likevel så kjærkome og viktig.

 

Teater HotPot er rykande ferske medlemmar av Noregs Ungdomslag og har etablert seg som ei sjølvstendig, frivillig gruppe. Nå er arbeidet godt i gang for ny produksjon og ny framsyning med premiere på FN-dagen 2016.

Teks: Torunn Elise Kveen.

Image
Foto: Lars Erik Kolden.


 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign