Image

Ole Vig-prisen 2016

 Kva er det Odd Nordstoga, Herbjørg Kråkevik, Maria Parr og Noregs Ungdomslag sin eigen Helene Storstrøm Auset har til felles? Dei har alle gjort ein meir enn vanleg god innsats innan folkeopplysningsarbeid, kunst eller kulturarbeid og fått tildelt Ole Vig-prisen for arbeidet sitt.

I 1971 stod eit ferdig monument av folkeopplysningsmannen Ole Vig ferdig i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Inntrøndelag Ungdomssamlag var initiativtakar til å få reist monimentet og samla inn pengar frå heile landet for å få til dette. Då monumentet var ferdig, var det pengar igjen. Desse pengane, saman med pengar som har blitt gjeve seinare, er det som er kapitalen i Ole Vig-fondet. Renteinntektene frå dette fondet er det som vert gjeve i den årlege Ole Vig-prisen.  I 2015 var det folkedansar og instruktør Helene Storstrøm Auset frå BUL Sarpsborg som fekk prisen. 

Dersom du ynskjer å nominere kandidatar til Ole Vig-prisen 2016 kan du sende inn forslag til Ole Vig-fondet. Alle organisasjonar som har medlemmar i aldersgrupp 20-35 år kan sende inn forslag. Forslaget skal innehalde:
• Namn
• Fødselsdato
• Heimkommune
• Adresse på kandidaten
• Ei grunngjeving som er så utfyllande som mogleg.
• Dokumentasjon på den innsatsen kandidaten har gjort
Forslaget skal skrivast under av minst to ansvarlege personar frå den organisasjonen som kjem med forslaget.

Nominasjonen skal sendast til:
Ole Vig-fondet
v/ Robert Mulelid
Dronningberget 12
7517 Hell

MELD INN KANDIDATAR FØR 1. SEPTEMBER

Les meir på heimesida til Ole Vig-prisen

 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign