Image

Sommarleiren 2016 er avlyst

Sommarleiren er ei viktig satsing i Noregs Ungdomslag. Målet er at dette skal vere ein attraktiv møtestad for alle ungdomslagsmedlemmer i aldersgruppa 13-25 år, og NU arbeider gjennom heile året med utvikling av leiren.

Sommarleiren 2016 skulle arrangerast i Søgne i juni, med Vest-Agder Ungdomslag som vertskap. Påmeldinga til årets leir viste seg dessverre å svikte. Talet påmeldte deltakarar var rett og slett for lågt til at vi kunne sikre at deltakarane ville få ei god leiroppleving. Dette gjorde at vi dessverre måtte ta den tunge avgjerda om å avlyse årets leir, og alle deltakarane fekk melding om dette i starten av juni.

Avlysinga har ført til at vi no har starta å planlegge Sommarleiren 2017. Neste års leir blir lagt til Bergen, i månadsskiftet juni/juli, og vi lover allereie no eit spennande fagleg og sosialt opplegg. Sommarleiren vil fortsatt vere ei svært viktig satsing for Noregs Ungdomslag, og både styret og kontoret vil vere tett på arbeidet med denne. 

Følg med på sommarleiren.no og facebooksida til leiren

Image

Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign