Image

Ny kulturrådgjevar!

Møt Inger Johanne Ruset – ny kulturrådgjevar på NU-kontoret:

Eg og denne rastlause sjela mi. Til no har eg budd om lag 30 forskjellige stader – i ulike bygder, byar, land og verdsdelar. Og like mykje som eg har flytta, har eg endra utsjånad og smak. Eg har vore hippie, hipster, hip-hopar, rockar, fjellgeit og jålete dame i leppestift og høge hælar. Eg møter impulsar og lèt meg påverke.

 

Sjølv vala mine innanfor utdanning, karriere og organisasjonsarbeid vitnar om sprikande interesser. Eg har studert idéhistorie, media, samanliknande politikk og ein dæsj kinesisk. Eg har engasjert meg i ungdomspolitikk, festivalar, konsertstader og teaterscener. Som journalist dekte eg først global politikk før det gjekk over i tema som fellingskvotar og sunnmørsk ferjeproblematikk. I jobben som kulturhusleiar har det vore like naturleg å halde meg oppdatert på det siste frå Hollywood, som på det siste frå kommunestyret. Det har passa meg ypparleg. Ein brei horisont gir næring til ei rastlaus sjel.

 

Men om eg har vore rastlaus, så har eg aldri vore rotlaus. Eg er vaksen opp på ein pittoresk fruktgard på Linge på Indre Sunnmøre. Kvar gong eg reiser ut i verda, kan eg lite på at fjella og fjorden er seg sjølv like til eg ser dei igjen. Eg kan lite på at neste gong eg kjem heim, møter bygda meg med store smil og varme klemmar. Sjølvsagt har heimstaden min utvikla seg med nye bygg og nye innbyggjarar, men det er like fullt gode, gamle Storfjorden. Det er røtene mine.

Uansett kva for fase eg har vore i klesmessig, hoppar eg likevel alltid i norddalsbunaden når sjansen byr seg. Uansett kva for musikksjanger eg elles har dilla på, syng eg alltid på folkeviser når eg verkeleg kosar meg. Og uansett kva for kulturscene eg besøker, vil alltid den finaste for meg vere den vesle på Solberg Ungdomslag i Fjørå. Desse tinga utgjer kjernen av identiteten min og kan ikkje endrast av trendar.
Som globetrotter har eg møtt folk frå alle verdshjørne. Samtaletemaet har ofte blitt ein gjennomgang av politiske og kulturelle forskjellar. Kanskje er vi usamde om kva som er rett og gale, eller kanskje ein av oss blir litt flau på vegner av seg og sine landsmenn. Men om eg spør om lokale handverkstradisjonar eller folkedansar, så tenner eg som oftast ein positiv glød i personen eg snakkar med. Eg trur det er fordi det er eit hjartevarmt tema, heilt utan fordommar, som viser noko av det mest unike og vakre vi menneske fører vidare frå generasjon til generasjon. Det er ein del av kulturarven vi alle kan bere med stoltheit.

I 120 år har Noregs Ungdomslag gjort ein enorm innsats for å bevare dei kulturelle særprega til vår unge nasjon. Arbeidet vil aldri ta slutt, og det vil aldri slutte å vere viktig. Sjølv om 120 år vil rastlause sjeler i ei rastlaus verd trenge NU sine verdiar om kultur, samhald og menneskeverd.

Tekst av: Inger Johanne Ruset

Image

Med utsyn over Storfjorden på Sunnmøre. Bildet er teke på heia der setra til familiegarden til Inger Johanne ligg. Valldal inn til venstre.



Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign