Image

Instruktørkurs 17.-19. februar i Oslo

I samarbeid med Leikarringen BUL Oslo arrangerer me instruktørkurs i Oslo helga 17.-19. februar.

Du kan melda deg på her


Instruktørkurset har runddansrytmar som tema. 

Litt om kurset: 
Runddans er ein sentral dansefamilie innanfor norske dansetradisjonar, og på dette kurset går me inn på rytmane innanfor dei fire runddansane vals, masurka, polka og reinlender. Her vil me gå inn på lokale runddansvariantar der det er naturleg, og rundansrytmar sett i samanheng med bygdedans, songdans, turdans og songleikar. 

Litt om kurshaldaren: 
Vegar Vårdal er ein allsidig folkedansar og folkemusikar. Han er ein av dei fremste pedagogane i landet og har halde ei rekkje kurs for Noregs Ungdomslag. Han er og fagleg ansvarleg for vidareutdanningskurset ”Norsk folkeleg dans”. Vegar har eit engasjement som smittar og er god på å gje individuelle tilbakemeldingar som kan hjelpa deg som dansar og instruktør. 

Maks deltakartal på kurset er 20 stk så her er det berre å melda seg på i ein fei! Siste påmeldingsfrist er torsdag 2. februar.

Målgruppe for kurset: du som har dansa ein del eller mykje og vil bli/ er instruktør. 

Kurstider 
Fredag klokka 18-21
Laurdag klokka 10-17
Sundag klokka 10-12.30

Laurdag har Riksscenen to danseframsyningar på programmet. Den danske gruppa Embla viser "Deg, meg, oss!" og Anita Langødegard viser "Grep" med Jan Beitohaugen Granli. Meir informasjon og kjøp av billett gjer du her

Det vert lønsj begge dagar 12.30. Lønsjen er inkludert i kursprisen, legg inn kva lønsjalternativ du føretrekk i påmeldingsskjemaet. 

Me kjem til å vera i Teatersalen, BUL Oslo, alle dagar. Den finn du i Rosenkrantz gate 8, 0159 Oslo. 

Kurspris:  
400 kr for medlemer i Noregs Ungdomslag
800 kr for dei som ikkje er medlemer i Noregs Ungdomslag

Overnatting: 
Me har avtale med Bondeheimen om overnatting. Dersom du vil bu der så kan du bestilla hotellrom direkte med hotellet. Oppgje referansenummer 254450. Eit enkeltrom kostar 850 natta, medan eit dobbeltrom kostar 1050. Begge prisane er med frukost. Bondeheimen garanterer denne prisen fram til ein månad før ankomst. Etter det berre dersom dei framleis har ledige rom. Bondeheimen ligg rett attmed kurslokalet.


Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign