Image

Lær folkedans med Folkepedia

Folkepedia er ei nettside med korte opplæringsfilmar der barn og unge viser korleis ulike folkedansar skal dansast. Det er Noregs Ungdomslag som står bak prosjektet som blei lansert 2. november.

Det er barn frå ungdomslag i Oslo, Bodø, Hellesylt og Sykkylven på Sunnmøre som har vore med på å lage dei første filmane. I første omgang har prosjektgruppa fått laga 20 korte filmar som viser ulike dansar i praksis med detaljerte instruksjonar. Filmane blir publiserte litt etter litt framover mot jul. Prosjektet har fått støtte frå Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, LNU.

Les kva NRK Møre og Romsdal skriv om prosjektet her

Nettsida til Folkepedia finn du her

Facebooksida til Folkepedia finn du her

Image
Parhalling på badehuset til Hellesylt Ungdomslag

Image
Frå lanseringa på Hellesylt 2. november.


Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign