Image

Fråsegn: Eige museumsbygg for skogfinnane

Fråsegn vedteke av styret i Noregs Ungdomslag 4. desember 2016:

 

Noregs Ungdomslag stør kravet om at det blir etablert eit eige museumsbygg for skogfinnane no.

 

Skogfinnane er ein minoritet i Noreg, med ein særegen kultur og ei historie som det er viktig å ta vare på. Dei representerer ein del av landets historie, ein historie som ikkje berre er deira, men også ein del av heile den mangfaldige historia til landet Noreg.

 

Noregs Ungdomslag har ei særleg tilknyting til skogfinnane gjennom arbeidet til forfattaren og ungdomslagsmennesket Åsta Holth. Ho skreiv både bøker og skodespel om sitt eige folk, og står bak finnskogsbunaden. Gjennom hennar arbeid bidrog hun aktivt med samhald og sjølvkjensle for skogfinnane.

 

Det er på høg tid at dei no får sitt eige museumsbygg.

 

På vegne av Noregs Ungdomslag,

Mette Vårdal, styreleiar

HER KAN DU SKRIVE UNDER OPPROPET

FACEBOOKBRUPPA TIL "SKOGFINSK MUSEUMSBYGG NÅ!"

Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign