Image

Landsmøteavgift og overnatting

Utsendingane vil bli innlosjert på Scandic St. Olavs plass, der også sjølve landsmøtet og seminara blir halde. I nyheitsbrevet frå Noregs Ungdomslag 20. januar, framkom det dessverre feil landsmøteavgift, då vi oppga prisen utan overnatting.

Dei korrekte prisane er:

Landsmøteavgifta er kr 3.100 per person. Denne dekker følgjande:
- Overnatting i enkeltrom frå laurdag til søndag
- Seminar laurdag
- Lunsj laurdag og søndag samt middag og kulturkveld laurdag kveld.

Om du vil overnatte allereie frå fredag, vil laget bli fakturert for kr 1.300 ekstra. Dette dekker:
- Overnatting i enkeltrom frå fredag til laurdag
- Seminar fredag 

Teaterframsyning fredag kveld blir fakturert separat for dei som har meldt seg på dette,, sidan denne i dei fleste tilfellet skal dekkast privat og ikkje av laget.

 

I tillegg blir laga som tidlegare fakturert for reiseutjamning på kr 500 pr utsending. Dei utsendingane som har høgast reisekostnader vil få tilskot frå reiseutjamningspotten etter landsmøtet er gjennomført.


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign