Image

Kronikk: Folket, eliten og det som eigentleg tel

Politikarane som skal styre landet kappast om å vere folkelege, om å vere mest mogleg representant for deg og meg. Donald Trump vil gjerne være størst og best også her, og sa at 20. januar var dagen då folket fekk makta tilbake i USA. Men det er sjølvsagt ikkje sant, demokrati blir ikkje gitt til folket, det byggjast nedanfrå.

Kven som sit med makta er ikkje avgjerande for folks medverknad. Eit velfungerande demokrati treng at folk deltek aktivt i dei demokratiske prosessane. Då held det ikkje å stemme på den politikaren med mest folkeleg retorikk. Dei som styrer landet vil alltid være del av den styrande makt-eliten, uansett parti, opphav, utdanning, kvar dei kjem frå og korleis dei argumenterer.

Makta har skifta ansikt før. Det gjekk ikkje lang tid etter 1814 før bøndene opplevde at dei hadde fått mindre sjølvstyre i lokale saker enn det dei hadde hatt under eineveldet. På 1830-talet mobiliserte dei og sytte for innføring av formannskapslovene for å bøte på dette. Seinare fekk også husmenn, arbeidarar, tenestefolk og handverkarar stemmerett, men først i mellomkrigstida hadde dei mobilisert ein organisasjon med ein ny styrande elite: Arbeiderpartiet.

Men bakgrunnen til dei som hadde fleirtal på Stortinget endra ikkje det faktum at landet blei styrt av ein liten, folkevald elite. Dei hadde og har framleis meir makt og mynde enn folk flest. Og det er vanskeleg å tenkje seg at det skulle vore annleis.

Det som verkeleg tel for at demokratiet skal ha ei folkeleg forankring er i kva grad dei politiske prosessane er ope, i kva grad det offentlege ordskiftet tar del i politikkutforminga og i kva grad innbyggjarane set seg inn i og ytrar seg i saker som handsamast av Storting og Regjering.

Det set krav til dei folkevalde om å gjere dei politiske prosessane tilgjengelege. Og for oss som innbyggjarar at vi er i stand til og tek oss tid til å sette oss inn i sakene. Det er krevjande for både partar, og om vi trur på eit demokrati som består av den styrande eliten og folket, så blir det fort ineffektivt og vanskeleg.

Parallelt med at demokratiet vaks fram kom også eit levande organisasjonssamfunn, tufta på demokratiske prinsipp og med folkeopplysning, medverknad og samfunnsbygging som hovudoppgåver. Difor har vi ein jungel av ulike lag og organisasjonar som samlar innbyggjarane for å løyse ulike oppgåver og arbeide for ulike saker: alt frå idrett- og kulttur organisasjonar til lag og organisasjonar for ulike meiningar, alder, interesser, livsstil og sjukdommar.

I kva grad dette mangfaldet av demokratisk oppbygde samanslutningar av ulike interesser og haldningar er vitale, velfungerande og aktive i samfunnsbygginga, er avgjerande for innbyggjarane sin medverknad.

Beste målet på folks medverknad er talet på innbyggjarar med tillitsverv i ein demokratisk oppbygd organisasjon, stor eller liten. Så er du bekymra for demokratiet og utviklinga, ikkje klag på politikarane, men meld deg til teneste i eit lag eller ein organisasjon der du bur. Slik byggjer vi demokratiet, nedanfrå.

Og til dei politikarane som gjerne vil gi meir makt til folket: styrk det friviljuge organisasjonslivet.

Mette Vårdal, leiar i Noregs Ungdomslag


Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign