Image

Møt Siri - prosjektleiar for ”Huset i bygda” i Møre og Romsdal

Organisasjonseigde kulturbygg finst i kvar ein krik og krok av Noreg, men det er først med prosjektet Huset i bygda at ein forsøker å få kartlagt dei og samtidig auke kompetansen til dei som driv. No utvidar prosjektet til sitt tredje fylke.

Avgjerande med engasjement
- Eg meiner det er viktig å ta vare på kulturlivet, styrkje det og på den måten gjere det attraktivt for folk å bu her også i framtida, seier Siri Skjerve om motivasjonen sin for å bli prosjektleiar i Møre og Romsdal. Og når ho seier det, så tenkjer ho også på seg sjølv. For det var ikkje eit heilt lett val då ho og familien tok sjansen og flytta heim til mannen si heimbygd – Todalen på Nordmøre.

- Noko av det vi meinte var avgjerande for å busette oss her, var at det var ei engasjert og levande bygd, seier Siri om sin nye heimstad med litt over tre hundre innbyggjarar.

Flytta eit trønderlån

37-åringen trur Todalen og det ivrige foreiningslivet der er typisk for gode bygdesamfunn.

- Eg har gjort meg mange tankar om kor viktig nettopp det frivillige engasjementet er for at folk skal kunne trivast der dei bur. Alle blir synlege, og rekna med. Mange kjenner eit ansvar for bygda si og dei felles arrangementa og møteplassane vi har, seier Siri.

Siri har bakgrunn som kunstnar og som lærar på folkehøgskule og barneskule, og er derfor oppteken av både kultur og gode møtestadar. Den nye heimen til familien hennar representerer også desse tinga. Det er nemleg eit gammalt trønderlån som dei flytta frå Fosen i Sør-Trøndelag til Todalen, så Siri har fått hausta mykje erfaring om restaurering av gamle hus.

-Huset vi bur i no er eit gammalt, men nytt hus med mykje sjel og stor trivsel. Eg skal likevel ikkje leggje skjul på at det har vore mykje arbeid som ligg bak, ler Siri.

Kartlegging i starten
Prosjektleiar-stillinga hennar er på knappe 20 prosent over tre år, men Siri har god tru på at mykje skal kunne utrettast i løpet av perioden.

- Dei første månadane blir det nok mest kartlegging og telefonar til dei ulike kommunane og huseigarane, slik at eg kan legge best mogleg til rette for gode og lærerike hus-samlingar, seier den ferske prosjektleiaren.

Ein viktig del av Huset i bygda er å kartlegge alle organisasjonseigde kulturbygg, slik at desse kan samlast i ein eigen database. Vidare skal prosjektet løfte fram forsamlingshua som viktige kulturarenaer, og utvikle møtestader og verktøy som kan gjere dei lokale laga til meir kompetente huseigarar.


Siri Skjerve

Om Huset i bygda
Prosjektet ”Huset i Bygda” vart initiert av Noregs Ungdomslag sitt fylkeslag i Sogn og Fjordane. Der starta prosjektet opp i 2010, og er no inne i sitt sjuande driftsår. I Hordaland fekk prosjektet midlar frå fylkeskommunen til eit treårig prosjekt frå 2013 til 2016, og no er det altså Møre og Romsdal som står for tur, også med fylkeskommunale midlar til eit treårig prosjekt.

Mange stader er dei små kulturbygga det einaste forsamlingshuset i bygda, eller dei fungerer som eit viktig supplement til kommunale kulturhus. Prosjektet Huset i bygda har som føremål at ungdomslaga og andre organisasjonar som er eigarar av lokale kulturhus, skal bli inspirerte og få draghjelp, slik at husa er godt eigna for å romme ein allsidig aktivitet og dermed skape levande lokalmiljø. 

For meir informasjon sjå www.husetibygda.no
 
 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign