Image

Hypersys 2.0 klart for bruk!

Medlemssystemet vårt har fått ei ansiktsløfting, og Noregs Ungdomslag kan melde at Hypersys 2.0 no endeleg er klart for bruk av både medlemmer og tillitsvalte. Innlogging skjer som før, ved å logge seg inn med e-postadresse og passord på ungdomslag.hypersys.no.

Vi gjer merksam på at historikk for betalte kontigentkrav, årsrapportar og sendte meldingar ikkje ligg inne i den nye versjonen enno, men dette er undervegs. Det er også fleire nye funksjonar som vil kome til etter kvart. Vi vil orientere om dette gjennom nyheitsbrevet etter kvart som det er klart.

Når ein loggar seg inn, ser nok sida litt annleis ut enn det ein er vand med, men dei fleste funksjonar er som før, berre at ein no finn dei på andre stader på sida. I tillegg er det lagt inn fleire nye funksjonar. Mellom anna kan medlemmen sjølv legge inn om han/ho ønskjer medlemsblad tilsendt i posten. I tillegg tilbyr vi medlemmene å få tilsendt medlemsbladet Ungdom som pdf.

Vi minner også om at alle medlemmene i Noregs Ungdomslag kan logge seg inn på medlemssystemet for å redigere eigen medlemsprofil. Dette krev berre at medlemmen er registrert med e-postadresse i systemet, noko lokallagsstyret har tilgang til å legge til.

Alle lokallaga skal levere årsrapport for 2016 gjennom Hypersys 2.0. Denne vil bli utsendt medio mars. 

Om de har spørsmål knytt til bruken av Hypersys, ta gjerne kontakt med kontoret. Vi gjer også merksam på at vi under landsmøtet vårt i april arrangerer eit minikurs i bruk av Hypersys, og dette seminaret er ope for alle som ønskjer å delta. Les meir om kurset her
 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign