Image

Rådgjevar for kulturbygg og ungdomslag

Stillinga er fast og todelt, og inneber:
  • Oppfølging av «Huset i bygda» med mål om å styrke dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket. Dette vil utgjere 40 % av stillinga.
  • Kontakt med og informasjonsarbeid ovanfor lokale ungdomslag i Sogn og Fjordane Ungdomslag, samt administrative oppgåver for fylkeslaget. Dette vil utgjere 10 % av stillinga.
  • Om «Huset i bygda»:

”Huset i bygda” starta som eit prosjekt i Sogn og Fjordane Ungdomslag i 2010 og er no eit fast satsingsområde i fylkeslaget. For meir informasjon, sjå i øvste menyen "Om oss".

Om Sogn og Fjordane Ungdomslag:
Sogn og Fjordane Ungdomslag er fylkeslag for 40 lokale ungdomslag med i alt 1 050 medlemer, og har som mål å tilby kurs, samlingar og oppfølging av dei lokale ungdomslaga.

Sentrale arbeidsoppgåver:
  • Gjennomføre kommunevise samlingar for huseigarar for auka kompetanse, erfaringsdeling og nettverksbygging.
  • Gjennomføre årlege kulturhuskonferansar.·
  • Samle opplysningar om dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket til ein nasjonal husdatabase og til «Fylkesatlas» i Sogn og Fjordane.
  • Gjere kulturbygga meir synlege og drive informasjonsarbeid.
  • Samarbeide med Noregs Ungdomslag og «Huset i bygda» i andre fylke.
  • Kontakt med og informasjonsarbeid til dei lokale ungdomslaga i fylket.
  • Administrative oppgåver for fylkeslaget.
  • Søkje ekstern finansiering, og ha kontakt med og rapportere til tilskotsgjevarar.
  • Bygge nettverk med sentrale samarbeidspartar.

Om stillinga:

  • Noregs Ungdomslag sentralt er arbeidsgjevar.
  • Styret i Sogn og Fjordane Ungdomslag og ei ressursgruppe for Huset i bygda vil vere med å definere ansvar og oppgåver.
  • Administrasjonsspråket til Noregs Ungdomslag er nynorsk.

Ideelle kvalifikasjonar:
  • Erfaring med å drive prosjekt, informasjonsarbeid og arrangementsplanlegging.
  • Engasjement for lokalt kulturliv.
  • Erfaring frå drift og aktivitet i lokallag og/eller forsamlingshus.
  • Gode formidlingsevner, både skriftleg og munnleg.
  • Erfaring med og kunnskap om bruken av relevante dataverktøy.
  • Minimum treårig høgare utdanning eller relevant realkompetanse.
  • Søkjaren må ha sertifikat og disponere eigen bil.
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt.

Vi tilbyr:

  • Fleksibel arbeidstidsordning og løn etter kvalifikasjonar
  • Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Reiseverksemd og kveld- og helgearbeid må påreknast.
  • Administrative oppgåver i stillinga må løysast frå heimekontor.

Søknad med CV sendast til husetibygda@ungdomslag.no innan 25. mars.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med prosjektleiar Ingunn Nyheim, tlf. 974 03 699, leiar i Sogn og Fjordane Ungdomslag Hildegunn Gjelsvik, tlf. 482 25 625 eller Åge Avedal, medlem i ressursgruppa, tlf. 970 72 734.
 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign