Image

Sommarleiren 2017

Sommarens mest makelause eventyr går av stabelen frå tysdag 27. juni til søndag 2. juli. Om du er i den heldige målgruppa 13 til 25 år, kan du utfalde deg fem dagar til ende i spektakulære omgjevnader på Fana Folkehøgskule utanfor Bergen. Deltakarprisen er kr 2300, og reisekostnadene vil bli maks kr 500 (sjå punkt om reisestøtte). 

Om Sommarleiren
Historisk sett er Sommarleiren vår eit framhald av dei tidlegare landsstemna og sommarkursa som Noregs Ungdomslag har skipa til sidan slutten av 1890-talet. Men den første kimen til kva vi no kjenner som Sommarleiren høyrer vi om i 2001 når det vart skipa til “frå halling til hiphop” i samband med landsstemnet i Asker. Dei første åra var det berre kurs i folkedans, men frå 2008 når det var leir og festival i Lillesand vart det før første gong skipa til teaterkurs og spelkurs som gjekk parallelt med dansekurset. På årets leir, den femtande i rekka, har vi ein kombinasjon med både lengre hovudkurs og kjappe kortkurs – i alle kategoriar - noko for alle!

Bli deltakar!
Deltakarane på leiren er i alderen 13-25, eit ganske stort aldersspenn, men som berre har synt seg å vere ei styrke for leiren og det sosiale miljøet. Dei eldste deltakarane har som oftast sjølv vore med i mange år og veit korleis det er å vere mellom dei yngste. Deltakarane våre er flinke til å ta vare på kvarandre, og til å inkludere alle.

Som medlem av Noregs Ungdomslag får du fem dagar med aktivitetar, mat, kurs og kos for den nette sum av 2300kr. Leiren er open for alle ungdommar, men for ikkje-medlemmar kostar leiren meir. 

NB! Melder du deg på som medlem innan 15. mai og skriv inn rabattkoden
"SL17" nedst i påmeldingsskjemaet, så kan du få leiren til fantastiske 1600kr!

LES MEIR OM KURSA; PROGRAMMET OG PÅMELDING PÅ NETTSIDA TIL SOMMARLEIREN

Reisestøtte frå Noregs Ungdomslag
I tillegg til midlar frå LNU har Noregs Ungdomslag har sett av ein pott med pengar som skal gå til å dekke deltakarane sine reisekostnader til årets sommarleir. Dette vil bli enkelt administrert, gjennom at lokallaga sender ein felles søknad om dekking av reisekostnadene for sine leirdeltakarar. Målet vårt er at ALLE som søkjer skal få dekt reisekostnadene sine.  Søknadsfristen vil bli 15.mai, slik at laga får svar før påmeldingsfristen. Målet vårt er likevel at alle som søkjer om midlar, skal få dette. Trykk her for eit forenkla søknadsskjema.
 

 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign