Image

Da var laget godt å ha – boklansering 21. april

Da var laget godt å ha Gudbrandsdalslaget i Oslo 1920 – 2013


Boklansering på Det Norske Teatret,

fredag 21. april kl 15-17.


Vi har med dette gleda å invitere til lansering av boka Da var laget godt å ha, den samla historia om Gudbrandsdalslaget i Oslo 1920 - 2013.

Lanseringa finn stad på Det Norske Teatret, Bikuben.

 

Magnhild Bruheim vart i april 2015 engasjert av Stiftinga G-Kultur til å dokumentere og skrive ned historia om Gudbrandsdalslaget. Magnhild er journalist og forfatter, og busett på Lillehammer.


Program:
- Gudbrandsdølenes Spelemannslag.
- Knut Hovslien, styreleiar i Stiftinga G-Kultur: Velkomst og programleiing.
- Magnhild Bruheim: Presentasjon av Da var laget godt å ha.
- Egil Killi, lagsformann haust 1952/vår 1953: Minne frå «gamle dågå» i laget.
- Teater G 35+ presenterer eit utvalg sangar frå sitt eige sangarkiv.
- Torgeir Holø, lagsformann haust 1964/vår 1965: Da va lage godt å gå åt, festtale i 70-årsjubileet til Gudbrandsdalslaget og 50-jubileet til Dale-Gudbrand, februar 1990.

Vi tek atterhald om eventuelle endringar i programmet. Boka blir gjeve som gave til alle som deltek på arrangementet. Ønskjer ein fleire bøker kan desse kjøpast for 150 kr. pr bok. Det er mogleg å kjøpe kaffe/te, mineralvatn og litt å bite ti.

Hjarteleg velkomen!

Med beste helsing
styret i Stiftinga G-Kultur

Les meir om G-kultur på heimesida: www.g-kultur.no

LAST NED HEILE INVITASJOEN HER (PDF)


 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign