Image

Ta i bruk Hypersys!

Hypersys 2 er endeleg på plass, som eit nytt og forbetra medlemssystem for lokallaga i Noregs Ungdomslag. Hypersys skal vere eit verktøy til hjelp i lokallaga sitt arbeid med å administrere medlemslister, og også for å kommunisere med medlemmene ved hjelp av oppdaterte epostadresselister.

Årsrapport for 2016
Lokallaga i NU har denne veka motteke krav om å levere årsrapport gjennom Hypersys, med rapporteringsfrist 20. april. Vi seier oss svært lei for at laga har motteke denne først no, nesten to månader seinare enn vanleg. Leverandøren av medlemsregisteret fekk uføresette vanskar med konverteringa frå det gamle Hypersys, samtidig som vi ikkje hadde grunn til å tru at det skulle ta så lang tid å rette opp feila som det faktisk har gjort.

Kontroller medlemslista for 2016
Det er viktig at laga kontrollerer at medlemslista for 2016 inneheld alle som var medlemmer i laget pr 31.12.2016, før årsrapporten vert fylt ut. Dette medlemstalet legg m.a. grunnen for utmåling av Frifondtilskot til laget.

 

Nokre tips til ting de må kontrollere for å bruke Hypersys fullt ut:


Korrekt styre
Dei aller fleste lokallaga har no gjennomført årsmøte, og valt nytt styre. Hugs at dette styret må registrerast i Hypersys, slik at vi har korrekt kontaktinformasjon på laget.

Adresseopplysningar
Sjekk også at vi har registrert korrekt postadresse, fakturaadresse og evt. besøksadresse til laget. Etter at dei fleste husstandene har fått gate - eller veiadresse, er korrekt postadresse blitt svært viktig for at medlemmane skal få medlesmbladet Ungdom tilsendt. 

Logo og nettside?
Laget kan også laste inn sin eigen logo, og legge inn nettsideadresse i lagsprofilen på Hypersys. Om laget har eiga facebookside, så legg gjerne inn denne adressa i feltet for nettside.

Epostadresser?
Legg gjerne inn epostadresser til medlemmene dykkar. Dette gjer det lettare for dykk å kommunisere med medlemmene gjennom Hypersys, og på den måten kan Hypersys bli eit fullverdig medlemsregister for dykk.

Medlemsblad tilsendt
Medlemsbladet Ungdom blir sendt til medlemmene i NU, som har registrert seg i Hypersys som mottakar av dette. Medlemmer under 14 år får tilsendt Norsk barneblad i staden for Ungdom.

Hypersys 2 har forbetra funksjonar for å registrere seg for medlemsblad, då det no er lagt inn eigne felt for dette på kvar enkelt medlemsprofil. Ei anna endring er også at medlemmene kan velje å få tilsendt bladet som pdf-fil i staden for eller i tillegg til i posten.
Vi oppmodar laga om å ta ein gjennomgang på desse opplysingane på kvart medlem, slik at flest mogleg i laget får tilsendt medlemsbladet.. Det er også fint om de kan sikre at ikkje meir enn ein person per husstand står registrert som mottakar.


 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign