Image

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE TILDELING HAUSTEN 2017

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.

Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend.

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2017, og er på kr. 15.000,-.
Kappleiken finn stad i Askvoll 13. – 14. oktober 2017.

FRIST for innsending av forslag er 18.9.2017.

Forslag skal sendast til:
Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen
e-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no
Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2017”.

For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign