Image

Kva skjer

Instruktørkurs: Fordjuping i turdans

Velkomen til instruktørkurs med fordjuping i turdans 13.-14.januar 2018 i Skjetten!

I samarbeid med Eidsiva fylkeslag, BLS og SAFFA skipar Noregs Ungdomslag til eit nasjonalt instruktørkurs med fordjuping i turdans i Skjetten helga 13.-14.januar 2018.

Instruktørkurset går over 12 timar laurdag og sundag og skjer parallelt med SAFFA-kurset. Meir om SAFFA sitt kurstilbod kan du lese her: www.saffa.no

Om kurset:

På dette instruktørkurset står turdans som dansefamilie i sentrum. I løpet av kurset skal me dukke ned i det varierte steg- og rytmemønsteret som dansane har og setje dei ulike turdansgruppene i ein stilhistorisk samanheng. I tillegg vil ein få lære metodar for å læra bort og leia turdans, samt få verktøy til å arbeide vidare med turdansar ein finn i turdansboka.

Alle kursdeltakarane skal få høve til å instruere ein dans og få tilbakemeldingar på dette. På den måten vil me få eit stort og representativt repertoar å arbeide med.

Om instruktøren:
Instruktør på kurset er Tor Stallvik. Tor er ein særs erfaren instruktør som har hatt mange dansekurs og eit fleirtal instruktørkurs opp gjennom åra. Han er ein av dei med aller mest kompetanse kring dansefamilien turdans og han var mellom anna med på å setje i stand Turdansboka. Tor er ein reflektert instruktør som me alle har mykje å lære av.

Musikar på kurset er felespelar Tonje Lien Barkenæs.
 
Les meir og meld deg på her

 

Publisert: 14.11.2017

Arr. Startdato    
03.02.2018

Instruktørkurs i barne- og ungdomsteater (Fevik)

Les mer»
12.02.2018

Vestlandsspringar (Oslo)

Les mer»
10.01.2018

Kulturkveld Sinikka Langeland (Oslo)

Les mer»
17.01.2018

Gammeldans lynkurs (Oslo)

Les mer»
27.01.2018

Leikfest (Greåker)

Les mer»
13.01.2018

Instruktørkurs: Fordjuping i turdans

Les mer»
20.01.2018

Kurs i samdansar til Nordlek 2018 (Oslo)

Les mer»
27.04.2018

Landsmøte (Oslo)

Les mer»
10.07.2018

Nordlek 2018 (Falun)

Les mer»
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign