Image

Kven veit? 2018

Kven veit? er ei kunnskapstevling der deltakarane får teste allmennkunnskapane sine, og vi har to klasser: Junior Kven veit? for dei opp til 14 år og Senior Kven veit? for dei over 14 år. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på spørsmål om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er temaet for tevlinga.

Deltakarlaga får i god tid før tevlinga startar, tilsendt studiemateriell om temaet for årets tevling. I studiemateriellet vil de få lese artiklar knytte til temaet.

Kven Veit? er både eit opplegg for studiering og ei kunnskapstevling. I tevlingsrundane svarar laga på spørsmål henta dels frå temaet og dels frå allmennkunnskap.

Meld på lag til Kven veit? jr. 2018 her!

 

Meld på lag til Kven veit? 2018 her!


Om temaet Ungdomshuset
"Hus byggjer lag". Dette fyndordet frå ein ukjent filosof seier litt om kva husa har hatt å seie for lokallaga i Noregs Ungdomslag. For det første er trivelege samlingsstader eit vilkår for all sosial og kulturell verksemd i bygd og by. For det andre er ein vellukka byggjedugnad engasjerande og samlande for dei som er med.

Ungdomshusa er eit synleg og handfast uttrykk for arbeidet i Noregs Ungdomslag gjennom dei 121 åra samskipnaden no har verka. Les vi soga om ungdomshusa, les vi på mange vis soga om det frilyndte ungdomsarbeidet frå det tok til i dei siste tiåra før førre hundreårsskiftet. Etter kvart som lagsarbeidet utvikla seg, sette det òg større krav til høvelege møtelokale. Tanken om eige hus, der dei sjølve kunne setje reglar for bruken, vaks etter kvart fram i mange ungdomslag. Og mange av laga har greidd å gjere husønsket til røyndom. Reisinga av ungdomshusa har heilt ut vore eit arbeid som er bore fram av lokale krefter.

Ungdomshuset har ikkje berre vore ramme rundt frilyndt ungdomsarbeid. Det har på mange vis vore ein føresetnad for å drive eit breitt ungdomslagsarbeid. Huset har fram gjennom åra vore ein vesentleg del av sjølve lagsarbeidet, reist som det er mykje på dugnad etter at ungdomslag i fleire år hadde samla pengar til byggjefond. Arbeidet med husplanar og finansiering har utan tvil teke mykje tid og krefter, men derfor har husbygginga òg vore svært samlande for mange lagsfolk. Det må vere rett å seie at arbeidet med å halde ungdomshuset i stand mange stader har gitt kontinuitet i eit lagsarbeid som kunne gå i bølgjedalar.

Ungdomshuset har ikkje berre gitt rom for ungdomslag sitt eige arbeid, det har i praksis vore eit ope forsamlingshus for heile bygda, der andre lag og foreiningar har kunna leigd huset. Husa er vortne bruka i offentlege samanhengar som kommunestyremøtesal og røystelokale. Og mangt eit bryllaup er feira i ungdomshus.

Temaet for Kven veit? 2018 er altså huset i bygda, grenda og sentrum av byen – den rause og frilyndte møteplassen som vi gjerne kallar Ungdomshuset.

Viktige datoar*:

Januar
12. Påmeldingsfrist

Februar
Veke 7 1. tevlingsveke

Mars
Veke 11 2. tevlingsveke

April
Veke 14 3. tevlingsveke
27. Vinnarane vert gjorde kjente på landsmøtet til Noregs Ungdomslag.

Deltakarlag
Seniorlag kan ha fem tevlande deltakar, medan juniorlag kan ha sju.

Vinnarane
Det beste laget samanlagt etter dei tre tevlingsrundene vert kåra som vinnar av Kven Veit. Dei tre beste lag, både i senior og i junior, får pengepremar. Vinnarlaget får 2000 kroner, andreplass får kr 1000, og tredjeplass får kr 500. Resultatlistene vert kunngjort på www.ungdomslag.no etter kvar tevlingsrunde.

Deltakaravgift
Deltakaravgifta for Senior er kroner 450 for kvar gruppe i tillegg til kroner 65 per studiehefte. Vi gir rabatt til lag med mange grupper. Deltakaravgifta er frå og med fjerde gruppa kroner 300.

Deltakaravgift for Junior er kroner 300 for kvar gruppe, og studiemateriellet er gratis.


*med atterhald om endringar

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign