Image

Utgreiing om folkedansen

Rådet for folkemusikk og folkedans, Noregs Ungdomslag og FolkOrg har tatt initiativ til ei utgreiing om folkedansen i Noreg. Arbeidet skal resultere i ein rapport.

I 2001 kom Georg Arnestad sin rapport om folkemusikk og folkedans i Noreg, der han konkluderte med at folkedansen står i ei særstilling. Siden den gong har folkemusikkfeltet vorte omorganisert, ein har fått signal om at folkedansen er i vanskar og Noreg har implementert UNESCO sin konvensjon om den immaterielle kulturarven.

Johan Einar Bjerkem er tilsett som utgreiar og prosjektleiar. Bjerkem er utdanna Cand. Philol frå universitetet i Oslo og har stor kjennskap til folkemusikk og folkedans. Han er i dag dagleg leiar for stiftinga Hilmar Alexandersen og Hilmarfestivalen i Steinkjer.Bjerkem har lang erfaring frå større publikasjonar og forfattarskap, og har gitt ut bøker på fleire forlag i tillegg til å ha erfaring som forfattar og medforfattar av fleire utgreiingar for offentlege instansar.

Organisasjonane har sett ned ei resursgruppe som skal følgje opp utgreiingsarbeidet i tett samarbeid med utgreiar. Gruppa skal sikre dei tre partane sine interesser i utgreiinga samt fungere som fagkunnige, faglege støttespelarar for utgreiaren.

Resursgruppa er sett saman av følgjande:
Gro Marie Svida (leiar) (Rådet)
Egil Bakka (Rff-sentret)
Synnøve Jørgensen (NU)
Marianne Dahl (NU)
Sigurd Johan Heide (FolkOrg)
Frode Rolandsgard (FolkOrg)
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign