Image

Andre tilskotsordningar

Rådet for folkemusikk og folkedans
Rådet for folkemusikk og folkedans har to støtteordningar: Prosjektmidlar og små og raske midlar. Søknadsfrist for prosjektmidlar er 1.april og 1.oktober. Søknader om små og raske midlar har løpande søknadsfrist. Søknadar må sendast på eigne skjema. Les meir på Rff sin 
søknadsportal.

 

Musikkutstyrsordninga
Musikkutstyrsordninga skal administrere offentlege tilskot til teknisk utstyr for spelestader, klubbar, arrangørar, øvingsfellesskap, samt til utvikling, tilrettelegging og byggjing av øvings- og framsyningsslokaler innan det rytmiske musikkfeltet. For mindre prosjekt og søknader frå små øvingsfellesskaper gjeld to søknadsfristar i året. Desse er 1. februar og 1. september. For større prosjekt og søknader er det ingen søknadsfrist. Les meir på musikkutstyrsordninga sine netttsider.
 

Norsk kulturråd
Gjennom Norsk kulturråd kan ein søkje om tilskot til ulike tiltak:
• Arrangørstøtteordning (For deg som arrangerer konserter gjennom heile året.)
• Produksjon/formidling/arrangement: (Festival, forestilling, konsert, turné, utstilling,barn og unge, seminar/workshop/andre formidlingstiltak)
Utøvande/skapande verksemd (Musikk, teater/dans/performance, opera, billedkunst/kunsthåndverk/foto)
• Utgjevingar: (litteratur og tidsskrift, kunstfaglige publikasjonar, barn og unge, musikk)
• Andre områder i Kulturfondet (kulturvern, tverrfaglege prosjekt, kulturelt mangfald, rom for kunst)
• Støtte utanfor Kulturfondet (EUs kulturprogram, andre fond)

Les meir på kulturrådet sine nettsider.

Fond for lyd og bilde

Fondet er oppretta for å gi godgjørelse til rettighetshavere for den lovlige kopiering til privat bruk som skjer frå videogram og fonogram, og for å fremme produksjon og formidling av innspelingar i lyd og/eller bilete. Søknadsfrist 1. februar og 1. september.Les meir på kulturrådet sine nettsider.

LNU

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar forvaltar ei rekkje støtterodningar. På heimesidene til LNU finn du meir informasjon om desse, mellom anna om: 
• Mangfald og inkludering, som gir støtte til prosjekt som set fokus på mangfald, haldningar og deltaking
• Kulturmidlane, som er ei
 prosjektstøtteordning til  større kulturprosjekt i regi av landsdekkande barne- og ungdomsorganisasjoner.


LNU forvaltar også fleire støtteordningar for internasjonalt prosjektarbeid. Les meir på LNU sine nettsider.

Sparebankstiftelsen DNB
Kvart år deler Sparebankstiftelsen (DNB) ut stønad til ulike formål.

Les meir her.
 

Fokus engasjement- Fokus bank 

Fokus Bank søker lokalt engasjement og ønskjer å medverke i det samfunnet vi lever i og av - nasjonalt, regionalt og lokalt. Søknadsfrist to gongar i året - 1. april og 1. oktober.

Les meir her.

Letterstedtska föreningen

Føremålet til Letterstedtska föreningen er å fremje fellesskapet mellom dei fem nordiske landa når det gjeld industri, vitenskap og kunst. Føreninga fordeler mellom anna midlar til nordiske føremål.

Les meir her
 

Clara Lackmanns stiftelse

Stiftelsen Clara Lachmanns fond er eit skandinavisk kulturfond. Prosjekt som får støtte må ha ein klar skandinavisk vinkling og omfatte meir enn eitt skandinaviskt land. Skal de til dømes på studietur til eit anna skandinavisk land - kan du søke om støtte her.

Les meir her


Aktiv Ungdom
EU sitt ungdomsprogram for ikkje-formell læring. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 30 år og dei som arbeider med ungdom. Aktiv Ungdom fordeler 16 millionar kvart år til ungdomsprosjekt i Noreg og i Europa.
Les meir her



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign