Image


Kronikk: Gleda med bunaden

"Om huset skulle byrja å brenne, kva eigedelar ville du først redda ut? Mange har bunaden høgt opp på denne lista. Ikkje fordi den er dyr, men fordi den er uerstatteleg."

Publisert: 05.05.17 | Les meir»

Landsmøte 2017 er avslutta

Landsmøte vart helde 22. og 23. april i Oslo. Mette Vårdal vart attvaldt som styreleiar, og nytt prinsipprogram vart vedteke.

Publisert: 23.04.17 | Les meir»

Fjærland Ungdomslag, Bygstad skule og Bergen Ungdomslag Ervingen vinnarar av Kven veit? 2017

Resultata etter siste runde i Kven Veit? senior og junior er no klare, og vinnarlaga er kåra. Her kan du lese heile resultatlista.

Publisert: 22.04.17 | Les meir»

Ta i bruk Hypersys!

Hypersys 2 er endeleg på plass, som eit nytt og forbetra medlemssystem for lokallaga i Noregs Ungdomslag.

Publisert: 06.04.17 | Les meir»

Kven veit? Resultat etter andre runde 2017

Resultat etter andre runde er no klar, og det er Bergen Ungdomslag Ervingen lag C og juniorane til Fjærland UL som leier! Les resten av resultatlista her.

Publisert: 03.04.17 | Les meir»

Da var laget godt å ha – boklansering 21. april

Boka om Gudbrandsdalslaget i Oslo 1920-2013 skal lanserast på Det Norske Teatret fredag 21. april

Publisert: 29.03.17 | Les meir»

Sommarleiren 2017

Sommarens mest makelause eventyr går av stabelen frå tysdag 27. juni til søndag 2. juli. Om du er i den heldige målgruppa 13 til 25 år, kan du utfalde deg fem dagar til ende i spektakulære omgjevnader på Fana Folkehøgskule utanfor Bergen.

Publisert: 21.03.17 | Les meir»

Wilsemedaljen til Tone Eidsvold

Tone Eidsvold (69) har i ei årrekke hatt eit brennande engasjement for folkedans og folkemusikk­tradisjonar i Østfold. Søndag mottok ho Wilse-medaljen.

Publisert: 21.03.17 | Les meir»

Sakliste og sakspapir til landsmøtet

Etter at fristen til laga for å melde inn saker til møtet gjekk ut 24. februar, har styret sett opp ei endeleg sakliste for møtet. Denne finn du her, saman med sakspapir for landsmøtet.

Publisert: 20.03.17 | Les meir»

Rådgjevar for kulturbygg og ungdomslag

50% stilling ledig i Sogn og Fjordane som rådgjevar for kulturbygg og ungdomslag. Stillinga er fast og todelt. Søknadsfrist 25. mars.

Publisert: 10.03.17 | Les meir»

Kven veit? Resultat etter første runde 2017

Resultat etter første runde er no klar, og Bergen Ungdomslag Ervingen lag C og Vågå Ungdomslag leier! Hos juniorane leiar Fjærland UL med Kyrkjebø UL i hælande. Les resten av resultatlista her.

Publisert: 10.03.17 | Les meir»

Hypersys 2.0 klart for bruk!

Medlemssystemet vårt har fått ei ansiktsløfting og er er klart for bruk av både medlemmer og tillitsvalte.

Publisert: 03.03.17 | Les meir»

Møt Siri - prosjektleiar for ”Huset i bygda” i Møre og Romsdal

Organisasjonseigde kulturbygg finst i kvar ein krik og krok av Noreg, men det er først med prosjektet Huset i bygda at ein forsøker å få kartlagt dei og samtidig auke kompetansen til dei som driv. No utvidar prosjektet til sitt tredje fylke.

Publisert: 20.02.17 | Les meir»

Einar Olav trio spelar til dans på landsmøtet

I samband med landsmøtet vert det kulturkveld med dansefest med Einar Olav Larsen Trio. På dansefesten vert det lagt opp til eit variert danseprogram med både runddans, turdans, bygdedans og songdans.

Publisert: 07.02.17 | Les meir»

Kronikk: Folket, eliten og det som eigentleg tel

Styreleiar Mette Vårdal skriv om politikarane som kappast om å vere folkelege, Donald Trump og om demokratiet som byggjast nedanfrå.

Publisert: 06.02.17 | Les meir»

Innkalling til landsmøtet 2017

Lokallaga og fylkeslaga i Noregs Ungdomslag blir med dette kalla inn til landsmøte, laurdag 22.- søndag 23. april.

Publisert: 25.01.17 | Les meir»

Påmelding: Barnlek på Færøyane

Barnlek 2017 vert arrangert på vakre Færøyane i sommar og er noko som alle unge dansarar burde få oppleva.

Publisert: 24.01.17 | Les meir»

Jasså, du er frilyndt?

Noregs Ungdomslag er og har alltid vore heil sentral i den frilyndte ungdomsrørsla som oppstod på slutten av 1800-talet. Men kva er det å være frilyndt? Kvifor starta ei slik rørsle, og kva betyr det i dag?

Publisert: 20.01.17 | Les meir»

Grunnleggande instruktørkurs i Bergen 27.-29. januar

I samarbeid med Bergen ungdomslag Ervingen arrangerer me grunnleggande instruktørkurs i Bergen siste helga i januar. Same helga er det dans-og spelemaraton og samdansøving til barnestemna, så alt er duka for ei fin og mangfaldig dansehelg i Bergen!

Publisert: 06.01.17 | Les meir»

Kven veit? 2017

Det skipast til ein ny runde av kunnskapstevliga Kven veit?. I 2017 er temaet Frilynd. Bli med og bryne deg mot NU sine skarpaste skallar! Påmeldingsfrist 12. januar.

Publisert: 04.01.17 | Les meir»

Extrastiftelsen søknadsfrist 1. mars!

Gjennom medlemsskapet i NU har også lokalaga tilgang på ein del tilskotsordningar, for å støtte andre delar av aktiviteten i laget. Eit døme på dette er Extrastiftelsen:

Publisert: 04.01.17 | Les meir»

Storkurs 3.-5. februar i Vest-Agder

Fylkeslaga i Vest-Agder, Aust-Agder, Rogaland og Telemark innber til storkurs på Rosfjord strandhotell, Lyngdal.

Publisert: 04.01.17 | Les meir»

Fråsegn: Eige museumsbygg for skogfinnane

Noregs Ungdomslag stør kravet om at det blir etablert eit eige museumsbygg for skogfinnane no.

Publisert: 06.12.16 | Les meir»

Nye reglar for kursstønad til teaterkurs

Grunna stor auke i antal kurs innan fagområdet teater har styret i Sudieforbundet kultur og tradisjon vedteke ei øvre grense for antal teaterkurs per produksjon.

Publisert: 29.11.16 | Les meir»

Tildeling av Frifondmidlar for 2016

Frifondmidlane for 2016 er no tildelt lokallaga. Tilsaman kr 1.618.852 er fordelt på 122 lag, og her finn du eit oversyn over dei laga som har søkt om og fått tildelt midlar.

Publisert: 17.11.16 | Les meir»

Lær folkedans med Folkepedia

Folkepedia er ei nettside med korte opplæringsfilmar der barn og unge viser korleis ulike folkedansar skal dansast. Det er Noregs Ungdomslag som står bak prosjektet som blei lansert i november

Publisert: 03.11.16 | Les meir»

Stillingsutlysning: Prosjektleiar, Huset i Bygda - Møre og Romsdal

Noregs Ungdomslag har fått tilskot frå fylkeskommunen til eit treårig prosjekt i Møre og Romsdal. Målet er å kartlegge og styrke dei organisasjonseigde forsamlingshusa og gjere dei til framtidsretta møteplassar for kultur og bulyst.

Publisert: 24.10.16 | Les meir»

Instruktørkurs 17.-19. februar i Oslo

Helga 17.-19. februar er det duka for instruktørkurs i Oslo i samarbeid med Leikarringen i BUL Oslo. Kurset har fokus på runddansrytmar.

Publisert: 20.10.16 | Les meir»

Kultur, frivilligheit og statsbudsjett

Kulturministeren legg fram eit budsjett der hovudmålsettinga er å styrke kulturnæringa. Inga dårlig satsing det, men om ein ikkje ser kulturlivet som ein heilskap, vil det bli vanskeleg for statsråden å nå målet.

Publisert: 07.10.16 | Les meir»

Førehandspåmelding: Barnlek på Færøyane

Barnlek 2017 vert arrangert på vakre Færøyane neste sommar og er noko som alle unge dansarar burde få oppleva. Sidan Noreg har ei kvote på 100 deltakarar til Barnlek så ser me eit behov for å kunna kartlegga kor mange som kan tenkja seg å reisa slik at me

Publisert: 29.09.16 | Les meir»

Stengt kontor 27. og 28. september

Kontoret er stengt tysdag og onsdag denne veka pga personalsamling.

Publisert: 27.09.16 | Les meir»

Program og påmelding Landsrådsmøtet

Landsrådsmøtet 2016 for fylkeslaga i NU blir halde i Trondheim 22. og 23. oktober.

Publisert: 19.09.16 | Les meir»

Kulturalliansen er stifta!

Måndag 5. september 2016 blei Kulturalliansen stifta av 30 organisasjonar. Ei arbeidsgruppe har i løpet av eit års tid utgreidd grunnlaget for ei ny samanslutning for det frivillige kulturfeltet. Målet er å skape større innflytelse i kulturpolitikken.

Publisert: 05.09.16 | Les meir»

Ny kulturrådgjevar!

Ønsk den nye kulturrådgjevaren Inger Johanne Ruset velkomen! Ho vil ha eit særleg ansvar for å koordinere NU sitt faglege arbeid med scene, hus og ungdom.

Publisert: 02.09.16 | Les meir»

Nytt sentralt arrangement?

Styret har sett ned eit utval som skal vurdere og utgreie moglegheitene for å etablere eit nytt sentralt arrangement som samlar dei ulike fagfelta i organisasjonen. I samband med dette vil utvalet gjerne stille NU-medlemane eit par spørsmål.

Publisert: 31.08.16 | Les meir»

Dramas blir ny

Dramas skal i løpet av 2016/2017 gjennom ei digital fornying og vidareutvikling. Les meir om utviklingsprosjektet og sei ifrå kva du syns er viktig.

Publisert: 31.08.16 | Les meir»

Teaterundersøkinga 2016

Kulturdepartementet har etterspurt ei kartlegging av behov på amatørteaterfeltet. Spørjeundersøkinga tek 5-10 minutt. I tillegg til å vera med på eit løft for amatørteaterfeltet, kan du med å svare på undersøkinga og vinna 10.000,- til ditt lokallag.

Publisert: 24.08.16 | Les meir»

Broderi: Importvare, kulturarv eller begge delar?

Fagdagane i bunad og folkedrakt stad på Fagernes 29. og 30. august.. I år er det overordna temaet Broderi: Importvare, kulturarv eller begge delar?

Publisert: 23.08.16 | Les meir»

Landsrådsmøte 22.-23. oktober

år er det 120 år sidan Noregs Ungdomslag vart skipa, og dette blir markert med at landsrådsmøtet blir lagt til Trondheim, med Sør-Trøndelag Ungdomslag som vertskaps-lag.

Publisert: 18.08.16 | Les meir»

Folkedans og storpolitikk

Leiar Mette Vårdal er gjesteskribent i Nationen og skriv om å fylle 120 år, tradisjonar i stadig endring og å halde fram det gode arbeidet.

Publisert: 20.07.16 | Les meir»

Kulturminnedagene 2016

Kulturminnedagane markerast 10. – 18. september og er ein del av det europeiske Kulturminnedagene (European Heritage Days). I år er det kompetanse og kunnskap i kulturvernet som er tema.

Publisert: 28.06.16 | Les meir»

Grunnleggande barneinstruktørkurs i Tromsø 9.-11. september 2016

I samarbeid med BUL Tromsø arrangerer Noregs Ungdomslag grunnleggande barneinstruktørkurs i Tromsø i september.

Publisert: 21.06.16 | Les meir»

Scenerom- kurs i regi og teaterproduksjon

Er du aktiv i eit amatørteaterlag? Vil du bli lære meir om regi? Vil du lære meir om oppgåvene i produksjonsapparatet bak ei teaterframsyning? Hausten 2016 startar vår nye kursrekkje i regi- og produksjonsopplæring opp.

Publisert: 08.06.16 | Les meir»

Sommarleiren 2016 er avlyst

Sommarleiren er ei viktig satsing i Noregs Ungdomslag. Målet er at dette skal vere ein attraktiv møtestad for alle ungdomslagsmedlemmer i aldersgruppa 13-25 år, og NU arbeider gjennom heile året med utvikling av leiren.

Publisert: 07.06.16 | Les meir»

Ole Vig-prisen 2016

Kva er det Odd Nordstoga, Herbjørg Kråkevik, Maria Parr og Helene Storstrøm Auset har til felles? Dei har alle gjort ein meir enn vanleg god innsats innan folkeopplysningsarbeid, kunst eller kulturarbeid og fått tildelt Ole Vig-prisen for arbeidet sitt.

Publisert: 07.06.16 | Les meir»

Teater HotPot

Alle treng vi til ulike tider gjennom livet å bli rekna med og å vere nyttige i eit fellesskap. Det frivillige feltet har mykje å bidra med i arbeidet med å inkludere, integrere og motarbeide utanforskap. Her er historia om dei ferske NU-medlemmane Te

Publisert: 26.05.16 | Les meir»

Broderi: Importvare eller kulturarv?

Noregs Ungdomslag sammen med Norges Husflidslag, Studieforbundet kultur og tradisjon, Institutt for bunad og folkedrakt og Norsk folkedraktforum inviterer til "Fagdagane i bunad og folkedrakt" med broderi som tema.

Publisert: 20.05.16 | Les meir»

Mangfald og integrering i lokallaga

Styret i Noregs Ungdomslag bestemte i januar å sette ned ei ressursgruppe som skal bidra til mangfald og integrering i lokallaga våre, dette etter initativ frå Sannidal Ungdomslag som har erfaring med å inkludere flyktningar i sitt ungdomslag.

Publisert: 10.05.16 | Les meir»

Påminning: E-post frå NU Kulturformidling

Før påske sendte NU Kulturformidling ut ein e-post til alle lag i NU. Ein god del har svara, men det er framleis mange som ikkje har gjeve lyd frå seg. Her kjem difor ei oppmoding om å lese e-posten, og returnere svar på spørsmåla.

Publisert: 09.05.16 | Les meir»

Fjelli UL og Bergen Ungdomslag Ervingen vinnarar av Kven veit? 2016

Resultata etter siste runde i Kven Veit? senior og junior er no klare, og vinnarlaga er kåra. Her kan du lese heile resultatlista.

Publisert: 29.04.16 | Les meir»

Nyvald leiar trur på ny vår for Noregs Ungdomslag

Trass i at Noregs Ungdomslag dreg på åra, har organisasjonen greidd å endra seg og er i dag ein svært viktig brikke i det frivillige arbeidet i Noreg, meiner nyvald leiar Mette Vårdal (43).

Publisert: 26.04.16 | Les meir»

Mette Vårdal ny styreleiar i Noregs Ungdomslag

Mette Vårdal (43) vart i helga vald til ny leiar i Noregs Ungdomslag etter Endre Kleiveland.

Publisert: 25.04.16 | Les meir»

Ledig stilling som kulturrådgjevar i Noregs Ungdomslag

Som kulturrådgjevar vil du få ansvar for å koordinere NU sitt faglege arbeid med hus og scene, og eit spesielt ansvar for det tilbodet retta mot ungdom. Søknadsfrist 2. mai.

Publisert: 20.04.16 | Les meir»

Kven veit? Resultat etter andre runde 2016

Resultat etter andre runde er no klar, og Bergen Ungdomslag Ervingen lag D og Røstkvervet UL har bytta plassering. Hos juniorane er det Fjelli UL og Fjærland UL lag B som er i tet. Les resten av resultatlista her.

Publisert: 01.04.16 | Les meir»

Sakspapir til landsmøtet

Etter at laga sin frist for å melde inn saker til møtet gjekk ut 26. februar, har styret sett opp ei endeleg sakliste for møtet, og denne finn du her saman med alle sakspapir til møtet.

Publisert: 19.03.16 | Les meir»

Norsk Ordbok er komplett

9. mars møtest språkfolk og ordbokfolk frå heile Europa i Oslo for å feire ei av dei største vitskaplege ordbøkene i verda. Norsk Ordbok ligg føre komplett i 12 band med 333 173 oppslagsord på 9637 sider. Flusken, jåttut, mugetuft, stæveleg og åværig er b

Publisert: 09.03.16 | Les meir»

Sommarleiren 2016

Mellom 13 og 25 år? Påmeldinga til ei sommarveke med dans, teater, song og mykje anna kjekt har opna!

Publisert: 01.03.16 | Les meir»

Isleik 2016

11 . – 17. juli er det Isleik på Island. Her vert det dans i flotte omgjevnader, fellesturar rundt på sagaøya og høve til å danse med deltakarar frå heile Norden om kveldane.

Publisert: 23.02.16 | Les meir»

Landsmøtehelg i Oslo, 22.-24. april 2016

Noregs Ungdomslag har kalla inn til landsmøte, laurdag 23.- søndag 24. april. Møtet blir halde på Clarion Hotel Royal Christiania, midt i Oslo sentrum. Det er lagt opp til fagleg program frå fredag 22. april.

Publisert: 21.01.16 | Les meir»

Kven veit? 2016

Bli med og bryn deg mot NU sine skarpaste skallar i kunnskapstevlinga Kven veit? I 2016 er temaet Ungdom i 100! i høve at medlemsbladet Ungdom kjem ut i sin 100. årgang.

Publisert: 26.11.15 | Les meir»

Barnlek 2017

I 2017 vert Barnlek skipa på Færøyene, i perioden 5. - 8. juli. Barnlek er eit folkedansstemne for barn opp til 16 år frå heile Norden.

Publisert: 04.12.15 | Les meir»

Er du mellom 18 og 25 år? Dansar eller speler du?

Bli med på Nordring-kurs i Nastola i Finland i påska!

Publisert: 02.12.15 | Les meir»

– Språksamlingane til Vestlandet

Saka om språksamlingane og vitskaplege ordbøker blir løyst. Kunnskapsdepartementet har bestemt at Universitetet i Bergen tek over språksamlingane frå Universitetet i Oslo.

Publisert: 26.11.15 | Les meir»

Scenteteksttilskudd - eit krafttak for ny norsk dramatikk

Teateralliansen har utlyst midlar for å stimulere til produksjon av ny norsk dramatikk, i samarbeid mellom profesjonelle dramatikarar og amatørteatergrupper. Første søknadsfrist er 1. desember.

Publisert: 17.11.15 | Les meir»

Valnemda søkjer dugande kandidatar til styret

Landsmøtet i NU 2016 blir halde 23.-24. april. Valnemnda skal innstille på val av styre, og dei ønskjer innspel på dugande kandidatar.

Publisert: 27.10.15 | Les meir»

Helene Storstrøm Auset tildlelt Ole Vig-prisen 2015

Ho får prisen for sitt store lokale og regionale kulturarbeid retta mot born og unge.

Publisert: 19.10.15 | Les meir»

Hilmar:UNG 6. - 8. november

Hilmar:UNG er ei kompakt superhelg med kurs og konsertar innan folkemusikk og folkedans for deg mellom 14 og 26 år.

Publisert: 15.10.15 | Les meir»

Minnepris til ung hardingspelar frå Bergen

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS 2015 er tildelt 17 år gamle Kårhild Husby Nordstad frå Bergen. Prisen, som er på 10 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Førde Laurdag 10. oktober.

Publisert: 12.10.15 | Les meir»

Kompetanseheving for amatørteaterfeltet

Har du, eller nokon du kjenner lyst til å utvikle seg som teaterinstruktør? Studieforbundet kultur og tradisjon jobbar på vegne av Frilynt Norge, Noregs Ungdomslag og Norges Amatørteaterforbund med å skreddarsy ei ny instruktørutdanning som svarar til beh

Publisert: 07.10.15 | Les meir»

Instruktørkurs på Ringerike

14.-15. november arrangerer Ringerike folkedansgruppe grunnleggande instruktørkurs for ungdom og vaksne.

Publisert: 01.10.15 | Les meir»

Språkfakta 2015

Språkfakta 2015 er den mest omfattande dokumentasjonen av språk som nokon gong har vore gitt ut på norsk. Ottar Grepstad har i 20 år samla og sjølv utvikla store mengder statistisk informasjon om bruk og utbreiing av språk i Noreg mot ein internasjonal ba

Publisert: 29.09.15 | Les meir»

Bunad – kulturarv i heim eller næring

Rapporten "Bærekraft i bunadnæringa" vart lansert under Fagdagane i bunad og folkedrakt, og har du ikkje lese den så kan du gjere det her.

Publisert: 23.09.15 | Les meir»

Kronikk: Etter valet 2015 - kva med ungdomshusa?

No som valvaka er over, er det på høg tid å minne politikarane på at grasrota og treng pleie når budsjetta skal leggast for den neste perioden. Les kronikken frå styreleiar Endre Kleiveland.

Publisert: 18.09.15 | Les meir»

PM: Huset i bygda blir realitet i Møre og Romsdal

Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylke gjorde i går vedtak om å gje tilskot på 450.000 over tre år til prosjektet Huset i bygda i regi av Noregs Ungdomslag.

Publisert: 03.09.15 | Les meir»

Kulturdepartementet løyver 1 million kroner til utgreiingsarbeid for etablering av kulturparaply

Kulturminister Thorild Widvey har offentleggjort at Kulturalliansen vil motta 1 million kroner for å kartlegge og utgreie behovet for ein felles nasjonal møteplass for dei frivillige kulturorganisasjonane.

Publisert: 28.08.15 | Les meir»

Val 2015 - kva med ungdomslaget?

Kor god er kommunen din på å legge til rette for at ungdomslaget skal kunne halde aktiviteten oppe og lagshuset i orden? Kanskje du burde spørje dei om det neste gong du treff på dei?

Publisert: 27.08.15 | Les meir»

Utlysing Vinjefondet 2015

Vinjefondet skal styrkje nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk, og medverke til større rekruttering av nynorskbrukande journalistar.

Publisert: 20.08.15 | Les meir»

Teaterdagene på Lillehammer 18.-20.september

Teaterdagene er 20 år! Dette feirast med eit innhaldsrikt og variert program.

Publisert: 18.08.15 | Les meir»

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen. Frist for innsending av forslag er 14. september 2015.

Publisert: 17.08.15 | Les meir»

Barneinstruktørkurs i Hordaland

Helga 25.-27. september er det barneinstruktørkurs i Bergen. Dette er kurset både for deg som har undervist barn tidlegare og for deg som aldri har undervist barn før. Det viktigaste er interessa og engasjementet for at barn skal få gode danseopplevingar

Publisert: 07.08.15 | Les meir»

Sommarleiren 2016: 27. juni - 3. juli

Sommarleiren i Porsgrunn er over. Det blei fine dagar i sommarsola med kurs, aktivitetar og alt som er kjekt. Og i 2016 blir leiren i Vest-Agder!

Publisert: 01.07.15 | Les meir»

Klar for Sommarleir!

23. juni opnar Sommarleiren, og ungdom frå heile landet tek turen til Porsgrunn.

Publisert: 22.06.15 | Les meir»

Eit steg nærare

Eit politisk steg i rett retning: Kirke-, utdannings- og forskningskomiteen på Stortinget ber regjeringa kome med ei løysning på korleis rekruttering og finansiering kan sikrast for små og verneverdige fag.

Publisert: 05.06.15 | Les meir»

Prosjektkoordinator for ”Hardingfela.no”

Har du lyst på ein av dei mest spennande kulturjobbane i Hardanger og Voss? ”Hardingfela.no” er ei felles satsing mellom Hardanger og Voss museum og Ole Bull Akademiet.

Publisert: 02.06.15 | Les meir»

Fagdagane 2015

Kan bunadsproduksjon nokon gong bli bærekraftig? Fagdagane 2015 ser på framtida for bunadnæringa og spørsmåla omkring kunnskap, kulturarv og næring.

Publisert: 28.05.15 | Les meir»

Rff-prisen 2015 til Gunnar Stubseid

Rådet for folkemusikk og folkedans har vedtatt å gi Rff-prisen for 2015 til spelmannen, forfatteren og kulturarbeideren Gunnar Stubseid (f. 1948) fra Bygland i Setesdal.

Publisert: 28.05.15 | Les meir»

Skrivekonkurranse for ungdom

Er du mellom 16 og 20 år og glad i å skrive? Då kan du la deg inspirere av ordtaket "Ein får tru det ein vil" til å skrive ei novelle. Her er både pengepremie og heider og ære å hente for vinnaren av skrivekonkurransen.

Publisert: 21.05.15 | Les meir»

Tidlegare NU-leiar er død

Anders Gjerland (52) døydde i ei tragisk billukke i Romarheimsdalen 18. mai. Anders var engasjert i ungdomslagsrørsla i mange år, og var leiar i Noregs Ungdomslag frå juli 1996 til september 1997.

Publisert: 21.05.15 | Les meir»

Melding om flytting!

NU-kontoret er på flyttefot, og får ny besøks- og postadresserå 27. april. Ny adresse er Øvre Slottsgate 2b, 0157 Oslo.

Publisert: 27.04.15 | Les meir»

Nordisk leiarskule
10. – 16. august 2015

Norges Bygdeungdomslag, 4H Norge og Nordisk Samorganisasjon for Ungdomsarbeid inviterer deg som er mellom 16 og 30 år og som er leiar eller har leiarerfaring i organisasjonen din til ei veke med fagleg påfyll.

Publisert: 23.04.15 | Les meir»

"Erfaringsutveksling og kurs i Det gode Styrearbeidet"

Frivillighet Norge har besluttet å øke innsatsen for opplæring innen styrearbeid, og inviterer dermed i samarbeid med Kulturdepartementet styremedlemmer fra frivilligheten til Styredagen.

Publisert: 23.04.15 | Les meir»

Levande Landsmøte

75 utsendingar frå lokal- og fylkeslaga i Noregs Ungdomslag var samla til landsmøtehelg i Oslo 17.-19. april.

Publisert: 22.04.15 | Les meir»

Endre Kleiveland attvalt som leiar

Endre Kleiveland frå Ungdomslaget Fram på Osterøy vart på landsmøtet i helga attvalt som leiar i Noregs Ungdomslag. Kleiveland vart først valt som leiar i 2012, og tek no til på sitt fjerde år som leiar.

Publisert: 20.04.15 | Les meir»

Vikariat: Organisasjonssekretær i Bergen ungdomslag Ervingen

Bergen ungdomslag Ervingen er ein frilynt aktivitesorganisasjon som driv med folkedans, folkemusikk, kor, kveding og teater. Grunna fødselspermisjon søkjer laget etter ein organisasjonssekretær frå 1. august 2015

Publisert: 20.04.15 | Les meir»

Stilling ledig: Arrangements- og kontorsjef i Stiftinga Hilmar Alexandersen

Stiftinga Hilmar Alexandersen er ei allmennyttig stifting med formål å arbeide for tradisjonskultur og kultur og næring. Stiftinga held til på Steinkjer og står mellom anna bak Hilmarfestivalen.

Publisert: 20.04.15 | Les meir»

Ole Vig-prisen 2015

Kven meiner DU har gjort seg fortent til å bli årets Ole Vig-prisvinnar? Ole Vig-prisen blir kvart år delt ut til ein person mellom 20 og 35 år som har gjort og gjer ein spesielt god innsats for andre unge menneske. Søknadsfrist 15. mai.

Publisert: 15.04.15 | Les meir»

Fagdagane 10. - 11. september, Fagernes

Kan bunadsproduksjon nokon gong bli bærekraftig? Fagdagane 2015 ser på framtida for bunadnæringa og spørsmåla omkring kunnskap, kulturarv og næring. Vel møtt til årets viktigaste samling for alle bunadsinteresserte!

Publisert: 15.04.15 | Les meir»

Edda/voluspå i tradisjonelle forsamlingshus

Med framsyninga EDDA/voluspå tar kompaniet YMIST. for seg meisterverket Voluspå frå diktsamlinga Den eldre Edda.

Publisert: 10.04.15 | Les meir»

Røstkvervet UL og Fjelli UL er vinnarar av Kven Veit? 2015!

Resultata etter siste runde i Kven Veit? senior og junior er no klare, og vinnarlaga er kåra. Her kan du lese heile resultatlista.

Publisert: 10.04.15 | Les meir»

Kulturarv som raknar i saumen - invitasjon til seminar 12. mai

Norges Husflidslag, Heimen Husflid og Nynorskens hus vil varme opp til nasjonaldagen ved å spørje om ein vesentleg del av kunnskapen og kultarven i Noreg er i ferd med å gå tapt og konsekvensar dette kan ha.

Publisert: 27.03.15 | Les meir»

Landsmøtet 2015

Noregs Ungdomslag sitt landsmøte blir halde på Quality Hotel 33 i Oslo, laurdag 18. og søndag 19. april. Deltakarane blir samtidig invitert til å delta på ulike faglege seminar fredag og laurdag.

Publisert: 25.03.15 | Les meir»

Nordisk Sommerleir for ungdom 11. - 14. juli

Før NORDLEK tek til i Viborg (Danmark) er det sommarleir for ungdom mellom 14 og 25 år. Reis, dans og spel med ungdommar frå heile Norden!

Publisert: 24.03.15 | Les meir»

Søk pengar hos Rådet for folkemusikk og folkedans. Søknadsfrist 1.april

Rådet for folkemusikk og folkedans blei oppretta av Norsk kulturråd i 1972 for å samordne innsatsen på folkemusikk- og folkedansfeltet i Noreg. Stiftelsen Rådet for folkemusikk og folkedans søkjer kvart år Kulturdepartementet om aktivitetsmidler for å stø

Publisert: 23.03.15 | Les meir»

Kven veit? Resultat etter andre runde 2015

Resultat etter andre runde er no klar, og Røstkvervet UL leier med 51 poeng! Men Bergen UL Ervingen ligg hakk i hæl med 49 poeng og BUL Steinkjer 46 poeng. Les resten av resultatlista her.

Publisert: 17.03.15 | Les meir»

Odde/Sandum/Odde spelar på Landsmøtet

Laurdag 18. april blir det folkemusikkonsert med trioen Odde/Sandum/Odde. Dei tre har spelt mykje saman, blant anna i gamaldansgruppa Lendmenn

Publisert: 16.03.15 | Les meir»

Røros folkedanslag inviterer til Røros-leken 1.–3. mai 2015

Røros folkedanslag ønsker å invitere til ei inspirasjonsrik dansehelg i Røros første helga i mai. Tre dager med sangdanser, turdanser, masse rørospols og annen gammeldans!

Publisert: 16.03.15 | Les meir»

Er tida over for Folkedansfestivalen og Amatørteaterfestivalen?

Landsmøtet skal i april skal ta stilling til eit forslag frå styret i NU om å legge ned Folkedansfestivalen og Norsk amatørteaterfestival. Her kan du lese meir om bakgrunnen for dette forslaget.

Publisert: 09.03.15 | Les meir»

Auke i tilskotet for kurs med lærar

Styret i Studieforbundet kultur og tradisjon har vedteke at tilskotet skal aukast til 90 kroner per time for kurs med lærar. For kurs utan lærar blir satsen fortsatt 25 kroner.

Publisert: 04.03.15 | Les meir»

Landsmøtet 2015

Etter at laga sin frist for å melde inn saker til landsmøtet har gått ut, er den endelege saklista til møtet klar. Samtidig er det lagt ut meir praktisk informasjon om møtet. Påmeldingsfristen er 20. mars.

Publisert: 02.03.15 | Les meir»

Folkedans - Innføring i norsk folkedans (DANS6001)

Kurset gir ein basis for å kunne undervise elevar i folkedans. Søknadsfrist: 5. mars.

Publisert: 25.02.15 | Les meir»

Kven veit? Resultat etter første runde 2015

Resultat etter første runde er no klar, og Røstkvervet UL leier med 28 poeng! Men Bergen UL Ervingen ligg hakk i hæl med 27 poeng og BUL Kristiansand, Røros Folkedanslag og Samhald UL har sanka 26 poeng. Les resten av resultatlista her.

Publisert: 25.02.15 | Les meir»

Sjansespel med kulturarven

Rådet for folkemusikk og folkedans forstår at Stortingets vedtak i samband med lisensen må få konsekvensar for tilbod og stillingar men er saman med NU og fleire organisasjonar uroa over konsekvensane dette kan få for Folkemusikkarkivet i NRK.

Publisert: 13.02.15 | Les meir»

Skal styrke folkemusikk- og folkedansarven i fylke

Kultur- og folkehelseutvalet vedtok i 4.februar å løyve tre millionar kroner til eit prosjekt som har som mål å styrke folkemusikk- og folkedansarven i Møre og Romsdal.

Publisert: 05.02.15 | Les meir»

Tilbygg på TV

Mjeldalen Ungdomslag blei tildelt kr. 309.000,- frå Extrastiftelsen i 2014. NRK1 kom på besøk i samband med Extra-trekkninga.

Publisert: 04.02.15 | Les meir»

Klart for å melde seg på Sommarleiren 2015

Årets leir tar form, her blir det dans, teater, musikk og andre kreative kurs 5 dagar til ende!

Publisert: 23.01.15 | Les meir»

Innkalling og førebels sakliste til landsmøte, 17.-19. april

Lokal- og fylkeslaga i Noregs Ungdomslag blir med dette kalla inn til landsmøte, laurdag 18. og søndag 19. april 2015. Deltakarane blir samtidig invitert til å delta på ulike faglege seminar fredag og laurdag.

Publisert: 17.01.15 | Les meir»

Lyst på gratis sommarleir? Bli potet!

NU sin sommarleir skal i så stor grad som mogleg vere styrt av deltakarane. Derfor vil vi ha med fire personar som vil vere ein del av leiargruppa på leiren. Dette er poteter med eit særlig ansvar for det sosiale miljøet på leiren og på kursa.

Publisert: 15.01.15 | Les meir»

Reisestipend 2015

Alle personar knytta til ein av Studieforbundet kultur og tradisjon sine medlemsorganisasjonar kan søkje om reisestipend for studiereiser til utlandet.

Publisert: 18.12.14 | Les meir»

Extrapengar til ungdomshus

Bergen Ungdomslag Ervingen, UL Fram Soløy og Leikanger Ungdomslag fekk tildelt tilsaman 820.000 kroner frå ExtraStiftelsen til oppgradering av sine ungdomshus.

Publisert: 25.11.14 | Les meir»

Påmelding til Kven veit? 2015

Det skipast til ein ny runde av kunnskapstevliga Kven veit?. I 2015 er temaet Levande lokalkultur. Bli med og bryne deg mot NU sine skarpaste skallar!

Publisert: 19.11.14 | Les meir»

Nordlek i Viborg

I Viborg er det nordisk sommarleir ( 11.-14. juli) og Nordlek-stemne frå 14.-19. juli. I det vedlagte dokumentet finn du informasjon om reise og overnattingsmoglegheiter. Fylg med på http://www.nordlek2015.dk for meir informasjon, påmelding og betaling.

Publisert: 16.11.14 | Les meir»

Bok om Faner i den frilynde ungdomsrørsla

Asbjørn Thomassen arbeidde i mange år med samle dokumentasjon om fanene til laga i den frilynde ungdomsrørsla. Dette har no blitt til ei praktbok med presentasjon av over 460 faner og fagartiklar. Her kan du bestille boka.

Publisert: 29.10.14 | Les meir»

Instruktørkurs Sørmarka 10. og 11. januar 2015

Instruktørkurs både for dei som arbeider med vaksne og dei som instruerer barnelag. Kurset er eit samarbeid med Noregs Ungdomslag, Bygdelagssamskipnaden og Eidsiva fylkeslag.

Publisert: 28.10.14 | Les meir»

PM: Tette tak viktigare på idrettsanlegg?

Representantforslaget om betring av rammevilkår for organisasjonseigde kulturbygg (dok. 8:51 S) vart handsama av Stortinget sin familie- og kulturkomite 21. oktober.

Publisert: 23.10.14 | Les meir»

Spørjeundersøking om bunadsnæringa

Syr du bunad for sal? Delta i Studieforbundet kultur og tradisjon si spørjeundersøking om bærekraftig bunadsnæring.

Publisert: 21.10.14 | Les meir»

Nynorskrørsla krev 10,5 millionar ekstra i statsbudsjettet

Nynorsk forum, som er eit samarbeidsorgan for tjue nynorske institusjonar, organisasjonar og bedrifter, krev at statsbudsjettet blir styrkt med 10,5 millionar kroner til ulike nynorsktiltak.

Publisert: 17.10.14 | Les meir»

Minnepris til ung hardingfele utøvar

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele 2014 er tildelt 18 år gamle KINE SVORI frå Jostedal, Sogn og Fjordane.

Publisert: 13.10.14 | Les meir»

All kulturaktivitet bør ha gode fysiske rammevilkår

I statsbudsjettet for 2015 legg Regjeringa vekt på at kulturpolitikken skal leggje til rette for eit kulturliv som veks ut frå lokalt engasjement.

Publisert: 09.10.14 | Les meir»

Seminar: Hus som skaper landet

Noregs Ungdomslag og BUL Oslo inviterer til ungdomshusseminar i Oslo 24. og 25. oktober med tema "Hus som skaper landet."

Publisert: 26.09.14 | Les meir»

RFF-prisen 2014 til Velle Espeland

Rådet for folkemusikk og folkedans har i år vald å gi Rff-prisen 2014 til Velle Espeland for hans store innsats ved Norsk visearkiv. Espeland var med på opprettinga av arkivet i 1983, og har vore dagleg leiar sidan då.

Publisert: 24.09.14 | Les meir»

Arrangerer folkekulturkongress med temaet "folkedans på scena"

14.-15. november er det fokus på folkedans på scena under Nordisk folkekulturkongress i Stockholm. Organisasjonen Nordlek ( der Noregs Ungdomslag er medlem) står som arrangør.

Publisert: 23.09.14 | Les meir»

Hilmar:UNG

7.-9. november er det tid for Hilmar:UNG på Steinkjer i samband med Hilmarfestivalen. Hilmar:UNG er eit helgekurs for ungdom og vert arrangert i samarbeid mellom Noregs Ungdomslag, Folkorg, Bygda dansar og Hilmarfestivalen.

Publisert: 26.08.14 | Les meir»

Huldaprisen til Ragnhild Hilt

Huldaprisen 2014 vart delt ut under Norsk amatørteaterfestival i juni. Prismottakar vart Ragnhild Hilt, ei kjent og kjær dame for mange som har vore skodespelarar under amatørteaterfestivalane i NU.

Publisert: 16.06.14 | Les meir»

UL Freidig er vinnar av Kven Veit? 2014!

Då er dei endeleg resultata frå Kven Veit? senior klar, og UL Freidig frå Nordland er vinnar av årets tevling. Røstkvervet UL er vinnar av andreplassen, med Hægeland UL på tredje plass.

Publisert: 26.05.14 | Les meir»

Tårstad leikarring (F) er vinnar av Kven Veit? Junior 2014!

Dei endeleg resultat etter Kven Veit? Junior er no klar, og Tårstad leikarring (F) har gått av med sigeren. På dei andre premieplassane finn vi Bygstad skule (F) på 2. plass og Fjelli Ungdomslag (A) på 3. plass.

Publisert: 23.05.14 | Les meir»

Resultat etter 2. runde i Kven Veit

Resultata etter 2. tevlingsrunde er no klare, og UL Freidig leier Senior-tevlinga så langt. I Junior-tevlinga er det Bygstad skule (lag F) som ligg i tet. Komplette resultatlister finn du her.

Publisert: 16.05.14 | Les meir»

Endre Kleiveland attvalt som leiar

På landsmøtet i helga vart Endre Kleiveland attvalt som leiar i Noregs Ungdomslag. Samtidig er det valt nytt styre

Publisert: 07.04.14 | Les meir»

Ny retning for Noregs Ungdomslag

På landsmøtet 2014 i Noregs Ungdomslag vart det vedteke langtidsplan for den komande fireårsperioden. Visjonen til Noregs Ungdomslag er "Levande lokalkultur."

Publisert: 06.04.14 | Les meir»

PRESSEMELDING: Kronerulling i bygda for å betale moms

Ungdomslag driv kronerulling i bygda for å betale momsutgifter til oppussing av ungdomshusa sine. Prinsippet om at frivillige organisasjonar skal slippe å betale moms ligg fortsatt fram i tid. I alle fall for lag som har eige hus.

Publisert: 06.04.14 | Les meir»

Kronerulling i bygda for å betale moms

Landsmøtet i Noregs Ungdomslag vedtok 6. april ei fråsegn med tittelen "kronerulling i bygda for å betale moms."

Publisert: 06.04.14 | Les meir»

Grunnlova i moderne språkdrakt

Landsmøtet i Noregs Ungdomslag vedtok 6. april ei fråsegn med tittelen "Grunnlova i moderne språkdrakt"

Publisert: 06.04.14 | Les meir»

Resultat runde 1

Vi er no inne i andre tevlingsrunde og det er tett i teten etter den fyrste runda. På toppen i seniortevinga tronar Hægeland UL med 24 poeng etterfølgd av BUL Steinkjer og Røstkvervet UL med henholdsvis 23 og 22 poeng.

Publisert: 07.04.14 | Les meir»

Betre rammevilkår for organisasjonseigde kulturbygg?

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (SP) fremjar i dag eit privat forslag for Stortinget om tiltak for å betre dei økonomiske rammevilkåra for organisasjonseigde kulturbygg.

Publisert: 03.04.14 | Les meir»

120 ungdomshus er kartlagt

Første runde i Ungdomshusundersøkinga er unna. Tilsaman har 120 lag med hus svara oss, og 60 lag utan hus. Det er kjempeflott resultat. På landsmøtet i Noregs Ungdomslag i Oslo 4.-6 april vil deler av undersøkinga få ein kort presentasjon, og vi vil trekk

Publisert: 04.03.14 | Les meir»

Siste frist for påmelding til amatørteaterfestivalen i sommar!

Lyst å stå på scena på Det Norske Teatret i juni? Då må du hive deg rundt og melde gruppa di på i dag! Revygrupper er spesielt velkomne!

Publisert: 27.01.14 | Les meir»

Dansekoreografi-prosjekt for lokallag!

Noregs Ungdomslag har fått støtte frå Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjonar ( LNU) til eit spennande koreografiprosjekt. Prosjektet gjev fem lokallag sjansen til å arbeida med ein koreograf i fem dagar, og til å framføra dette under

Publisert: 14.01.14 | Les meir»

Innkalling til landsmøtet 2014

Noregs Ungdomslag har kalla inn til landsmøte, fredag 4.- søndag 6. april 2014. Møtet blir halde på Soria Moria hotell og konferansesenter i Oslo.

Publisert: 07.01.14 | Les meir»

Norsk Amatørteaterfestival 2014

Etter ei lita pause er Norsk Amatørteaterfestival på banen att og lag i Noregs Ungdomslag har no høve til å melde seg på for å syne sitt stykke eller revy.

Publisert: 13.12.13 | Les meir»

Barnlek 2014

I 2014 vert Barnlek skipa på Island, i perioden 9-13. juli. Stemnet finn stad på Mosfellsbær like utafor Reykjavik. Barnlek er eit folkedansstemne for barn opp til 16 år frå heile norden.

Publisert: 13.12.13 | Les meir»

Asbjørn Thomassen utnemnd som heidersmedlem

Styret i NU utnemnde 21. september Asbjørn Thomassen som heidersmedlem i Noregs Ungdomslag. Heidersutnemninga er knytt til Asbjørn sin mangeårige innsats med å dokumentere fanene og bannera som har vore tilknytt den frilynde ungdomslagsrørsla.

Publisert: 22.09.13 | Les meir»

Kjøp cd med hyllest til ungdomshuset

Er du glad i danseband? Då kan du i desse dager få med deg ei nyinnspelt hyllestlåt til ungdomshuset. Låta ”det gamle ungdomshuset” er med på plata ”minner fra ungdomshuset” som du kan førhandstinge via NU.

Publisert: 05.07.13 | Les meir»

Brenn for Huset i bygda

Ingunn Teigland Nyheim (37) skal leie prosjektet Huset i bygda i Sogn og Fjordane Ungdomslag dei neste tre åra.

Publisert: 25.04.13 | Les meir»

Kronikk: Ein heilskapleg frivilligheitspolitikk?

Generalsekretærane i Noregs Ungdomslag, 4H Norge, Norges Bygdeungdomslag og Norsk Frilyndt Ungdomsforbund har 26.1. på trykk ein kronikk i Nationen som omhandlar staten sin frivilligheitspolitikk med vekt på tilskotsordningar. Les kronikken her.

Publisert: 26.01.13 | Les meir»

Utgreiing om folkedans i Noreg på 2000-talet

På oppdrag frå Rff, NU og FolkOrg har Johan Einar Bjerkem laga ei utgreiing om stoda i folkedansen.

Publisert: 06.11.12 | Les meir»

Medlemskort tilgjengeleg i Hypersys

Lokallag og enkeltmedlemmer kan no logge seg inn i medlemssystemet til Noregs Ungdomslag for å hente ut medlemskort. Her kan du lese meir om korleis du går fram for å gjere dette.

Publisert: 30.05.12 | Les meir»

 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign